Geir Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Andersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. februar 1964
Oslo
Idrett kombinert
Yrke kombinertløpar

Geir Andersen (fødd 21. februar 1964) er ein norsk, tidlegare kombinertrennar frå Oslo. Han tok VM-sølv i Seefeld 1985 og var med å vinne lagsølvet for Noreg i same meisterskapen. Under VM 1984 vart han verdsmeister i lagtevlinga, saman med Hallstein Bøgseth og Tom Sandberg. I 1985 vann Andersen verdscupen i kombinert. Han vart noregsmeister i øvinga både i 1985 og -86. Også den eldre broren Espen Andersen var ein framifrå kombinertrennar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Andersen slo gjennom i 1983 då han kom på bronseplass under noregsmeisterskapen, bak Tom Sandberg. Same sesongen fekk han sølv i junior-VM, året etter tok han gullet i same meisterskapen.

På nyåret i 1984 fekk han si fyrste pallplassering i verdscupen då han vart andremann i Schonach etter Thomas Müller frå Vest-Tyskland. I februar månad deltok Andersen i kombinertøvinga under vinter-OL i Sarajevo og vart nummer ti. Etter tre strake tredjeplassar i verdscupen reiste han i mars 1984 til Rovaniemi i Finland, der han saman med Hallstein Bøgseth og Tom Sandberg vann verdsmeisterskapen i nordisk kombinert for lag.

Andersens fyrste verdscupsiger kom i Planica midt i desember 1984, seinare i sesongen oppnådde han tre sigrar til. I verdsmeisterskapen på ski i Seeefeld fekk han sølvmedalje både i den individuelle tevlinga og i lagtevlinga. Attpå dei fire fyrsteplassane oppnådde han også tre andreplassar i verdscupen, noko som førte til han vann verdscupen i kombinert for 1985 med stor margin.

Straks før jul i 1985 vann han i Tarvisio sin siste siger i verdscupen. Etter dette sleit Andersen med å kome aller øvst på resultatlistene i kombinertrenn. Dermed fekk han ikkje delta for Noreg i korkje ski-VM 1987 eller vinter-OL 1988. Hans siste pallplassering var ein tredjeplass i Saalfelden i desember 1988.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1984: Nr 3 både i Falun, Lahti og i Holmenkollen. Nr 10 i vinter-OL i Sarajevo
  • 1985: VM-sølv i Seefeld, vinnar i Planica, St. Moritz, Kavgolovo og Lillehammer
  • 1985/86: Vinnar i Tarvisio og nr 2 i Lahti
  • 1987/88: Nr 4 i Bad Goisern
  • 1989: Nr 3 i Saalfelden

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Geir Andersen la opp i 1989.

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]