Geir Indrefjord
| Geir Indrefjord | |||
| Fødd | 29. januar 1987 (39 år) Stavanger | ||
|---|---|---|---|
| Bustad | Ås | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Senterpartiet | ||
| Yrke | Politikar Siviløkonom Lege Lektor | ||
| Utdanna ved | Universitetet i Bergen Noregs handelshøgskole Universita stranieri Siena | ||
| Verv | Statssekretær i Finansdepartementet 13. oktober 2023–4. februar 2025 | ||
| Verv | Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet 11. november 2022–13. oktober 2023 | ||
| Verv | Statssekretær (konstituert) i Finansdepartementet 21. februar-4. november 2022 | ||
| Alle verv | |||
Geir Indrefjord (fødd 1987) er ein norsk politikar og tidlegare statssekretær for Senterpartiet.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Indrefjord er frå Tasta i Stavanger og er busett på Vinterbro i Ås.
Han har bakgrunn som boredekkarbeidar og militærtolk.[1] Han er utdanna siviløkonom, lege og lektor og har fleire akademiske grader frå m.a. Universitetet i Bergen og Forsvarets høgskole.[2]. I perioden 2008-2010 tenestegjorde han i den norske PRT-en i Maimana i Afghanistan.
Virke
[endre | endre wikiteksten]Geir Indrefjord var leiar for Senterungdommen i Bergen 2013-2015 og leiar for Hordaland Senterungdom 2014-2016. Frå 2016 var han finanspolitisk rådgjevar for Senterpartiets stortingsgruppe.[3]
Frå februar 2022 til februar 2025 var Indrefjord statssekretær for Trygve Slagsvold Vedum (Sp) i Finansdepartementet, med unntak av perioden november 2022-oktober 2023 då han var statssekretær for Emilie Enger Mehl (Sp) i Justis- og beredskapsdepartementet.[4]
Familie
[endre | endre wikiteksten]Indrefjord er tvilling. Han og tvillingbroren Mats Indrefjord Høllesli vann kvar sin førstepris i Unge forskere 2006.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Geir Søndeland (26. april 2022). ««Super-Geir» fra Stavanger passer på Oljefondet for Trygve Slagsvold Vedum».
- ↑ Ove Heimsvik (17. juni 2016). «Super-elevene - slik gikk det med dem».
- ↑ Geir Søndeland (15. september 2021). «Her er Rogalands beste kort til den nye regjeringskabalen».
- ↑ Oscar Solvang Bergersen (12. november 2022). «Geir Indrefjord utnevnt til ny statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet».
- ↑ NRK (24. april 2006). «Ung forskerjubel i Stavanger».
- Denne artikkelen bygger på «Geir Indrefjord» frå Wikipedia på bokmål, den 27. februar 2025.