Hopp til innhald

Geir Jomaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Geir Jomaas (fødd 6. juli 1973) er ein norsk lækjar og handballspelar frå Arendal. Han vart noregsmeister fire gongar og seriemeister 2005 og 2006 med Sandefjord Turn- & Idrettsforening. Jomaas var rykkromspelar, ofte i rolla som spelstyrar. I 2006 kåra til årets spelar i Noreg.

Jomaas var aktiv i Øyestad IF til 1993. Sidan spelte han ein sesong for Refstad/Veitvet og to sesongar for Fredensborg/Ski. Perioden 1996-2002 gjorde han teneste i Drammen HK, før han avslutta si tid som aktiv med å spele på Sandefjord TIF (seinare Sandefjord Håndball) sitt lag i åra frå 2002 til 2010.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Jomaas deltok i 10 landskampar. Fire kampar i 1999/2000 og seks i 2005 resulterte i 4 landslagsmål.

  • Noregsmeister: 2002/03, 2003, 2005 og 2006 med Sandefjord TIF
  • Seriemeister: 2005 og 2006 med Sandefjord TIF
  • NM-finalist: 1998/99 og 1999/2000 med Drammen HK

Jomaas er gift med handballspelaren Birgitte Sættem.[1]

  1. «Gamle stjerner holdt ikke helt til gull», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), 22. juni 2014, henta 21. april 2025