Geir Karlsen
- For næringlivsleiaren, sjå Geir Karlsen (f. 1965).
Geir Karlsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. september 1948 (74 år) Skien |
Idrett | fotball |
Geir Sigurd Karlsen (fødd 18. september 1948) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Skien. I åra frå 1969 til 1977 var han 32 gongar målvaktar for Noreg i A-landskampar.
Karlsen debuterte på Odds Ballklubb i 1966, enno 17 år gammal. Sesongane 1970-73 stod han i mål for Rosenborg Ballklub, der han i sin andre sesong vart både seriemeister og cupmeister. Seinhaustes 1973 vart han overført til den skotske klubben Dunfermline Athletic. Etter to år i Skottland tok han over som burvaktar i osloklubben Vålerengen, der han spelte ut 1979-sesongen. Til sist avslutta han slik han byrja, med fire sesongar i Odd.
Merittar[endre | endre wikiteksten]
- Seriemeister: 1971 med Rosenborg
- Noregsmeister: 1971 med Rosenborg
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Geir Karlsen» frå Wikipedia på bokmål, den 30. september 2015.