Geir Kleiveland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Geir Kleiveland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1948 (76 år)
Yrke lokalhistorikar

Geir Kleiveland (f. 1948) er ein norsk lokalhistorikar frå Osterøy kommune. Han er utdanna lektor frå Universitetet i Bergen med hovudfag i nordisk. Frå 1975 til 1990 arbeidde han ved Osterøy ungdomsskule, men sidan 1991 har han vore lokalhistorikar på heiltid. Han er leiar i Osterøy sogelag.

Geir Kleiveland har skrive to band gards- og ættesoge og eitt band allmennsoge for Naustdal kommune. For Meland kommune har han skrive tre band med gards- og ættesoge. For Osterøy kommune har han skrive allmennsoge for Osterøy, «Osterøy Bygdebok» i to band der fyrste bandet, som handlar om dei eldste tider fram til 1870, kom ut i 2007 og hitt i 2011. Kleiveland har i tillegg skrive fleire lokalhistoriske bøker og artiklar om Osterøy, og han har sidan 1989 vore med i skriftstyret for årsskriftet Osterøy i soge og samtid.