Geir Ove Enehaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Geir Ove Enehaug
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. november 1953
Død

5. august 1989 (35 år)

Yrke kunstmålar

Ove Enehaug (19531989) var ein kunstmålar som blei utdanna ved Vestlandets kunstakademi i Bergen.[1] Her var han var under leiing av Morten Krohg frå hausten 1974 til 1977.[1] Enehaug er ein høg-modernistisk kunstnar som har måla blant anna St. Sebastians reinkarnasjon, Melankolia, General Narcissus, Apollon og Ærens Time, som er bilete som tar opp politiske tema.[1]

Debut i «Galleri 1» i Bergen[endre | endre wikiteksten]

Enehaug sin kunstnariske karriere, har som utgangspunkt at han var sjølvlært målar.[1] Allereie før han begynte ved Vestlandets kunstakademi, hadde han hatt ei debut-utstilling i «Galleri 1» i 1973.[1] Debututstillinga vart omtalt i bergenske dagsaviser som Bergens Tidende, Bergens Arbeiderblad og Morgenavisen.[1]

Stil og kunsthistorisk retning[endre | endre wikiteksten]

I Morgenavisen sin omtale kjem det fram at Enehaug vart inspirert av kunsthistorie, og truleg var kunstbøkene utgangspunktet for den kunstnariske utviklinga hans:[2]

Han har ikke det minste lyst til å antyde noen –isme som retningsviser for sine bilder. Er han noe, er han surrealist. Han beundrer dypt og inderlig Rubens, Goya og Salvador Dali, Picasso er et geni, men ikke en av dem viss strøk han får noe ut av for sin egen del. Derimot Goya i hans sorte periode og Dali i alle hans perioder. Og som sagt Rubens, det er toppen av alt.

Når Enehaug målar bruker han ein optisk linjer, eller hyper naturalistisk stil. Denne stilen kan det verke som om Enehaug utviklar i relasjon til biletbøker.[1] Kunstnaren målar biletelementa ved å imitere fotografiet og utviklar dermed ein presis teknisk ferdigheit. Dette arbeidet har mykje til felles med retninga fotorealisme, der kunstmålarane reproduserte fotografiet.[3] Døme på dette er Chuck Close med Leslie (1973) og Gerhard Richter med Birgitte Polk (1971).[3] Kunstnarane høyrer til den realistiske retninga i den amerikanske ny-avantgarden.[3]

Kunsthistorisk plassering av Melankolia[endre | endre wikiteksten]

Enehaug viser ofte spor av masseindustrielle element i bileta sine, som dekk, plastflasker, oljefat, o.l. Det signaliserer eit moderne stiluttrykk og at han er inspirert av Pop-kunsten. I Melankolia kan ein dermed oppleve ein dikotomi mellom det historiske og det moderne stiluttrykket. Melankolia vitnar om ein kunsthistorisk plassering mellom modernisme og postmodernisme, -eller kort sagt høyrer bilete heime i høgmodernismen.

Avrunding[endre | endre wikiteksten]

Høg-modernismen er ein periode med politisk engasjert kunst (ca 1970-1980 i Noreg).[4] Det som var typisk for desse kunstnarane var at dei kjende eit etisk og sosialt ansvar for menneske, og ville med sitt engasjement skape eit nytt menneskebilete.[3] Canadiaren André Durand blei inspirert av klassisismen då han måla The Death of Adonis (1993).[3] Dette biletet syner menneske sin framandgjering i forhold til det industrialiserte samfunnet. I Melankolia som Enehaug har måla set det ein skada engel i framgrunnen. Den er eit subjekt med menneskelege trekk som set bak eit avlukke i framgrunnen, - på god avstand frå den moderne sivilisasjonen som vises i bakgrunnen. Komposisjonen i dette biletet kan bli tolka som eit uttrykk for framandgjeringa i samfunnet på 1970-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Primær kjelde

  • Grønsnes, Maria, 2007, Melankoli, Politikk og Økologisk medvit - diskusjon kring nokre bilete av Ove Enehaug, Masteroppgåve i kunsthistorie, Universitetet i Bergen.

Sekundære kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Grønsnes, Maria, 2007, Melankoli, Politikk og Økologisk medvit - diskusjon kring nokre bilete av Ove Enehaug, Masteroppgåve i kunsthistorie, Universitetet i Bergen.
  2. Morgenavisen, 1973, "Surrealist under tyve i Galleri 1", Noreg.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Lucie-Smith, Edward, 1995, Art today, Phaidon Press Limited, Singapore.
  4. Huyssen, Andreas, 1984, Mapping the Postmodern, New German Critique 33, Telos Press.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]