Geir Skeie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Geir Skeie

Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. juli 1980 (43 år)
Fitjar kommune
Yrke kjøkkensjef
Nettstad http://www.geirskeie.com
Geir Skeie på Commons

Geir Skeie (fødd 2. juli 1980 på Fitjar) er ein norsk meisterkokk. Under Bocuse d’Or Europa i Stavanger juli 2008 vart han europeisk meister og i januar 2009 vann han Bocuse d’Or.

Under NM i kokkekunst i 2003 vann han og fekk tittelen Årets kokk. I 2004 var han lagleiar for lærlingelaget som vann Noregscupen. Han arbeider no som kokk hos Mathuset Solvold i Sandefjord. Han har tidlegare mellom anna arbeidd hos Finnegårdsstuene i Bergen, Jans mat og vinhus i Stavanger, Solsiden i Oslo og på Skarsnuten hotell i Hemsedal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]