Geir Sune Tallaksen Østmoe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Sune Tallaksen Østmoe

Geir Sune Tallaksen Østmoe 2009.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. mars 1985
Idrett sjakk
Yrke sjakkspelar

Geir Sune Tallaksen Østmoe (fødd 14. mars 1985), fødd Geir Sune Tallaksen i Kristiansand, er ein norsk sjakkspelar, Internasjonal Meister i sjakk (IM) frå 2011.

Barne- og juniorår[endre | endre wikiteksten]

Geir Sune Tallaksen voks opp i Søgne ved Kristiansand, og blei i elleveårsalderen aktiv turneringssjakkspelar i Kristiansand Sjakklubb. Trass i få unge treningskameratar og turneringar på Sørlandet gjorde han deretter raske framsteg, og etablerte seg i tolvårsalderen mellom dei sterkaste spelarane i Noreg i si aldersklasse. Tallaksen blei buande i Søgne, men vart frå 1999 hovudmedlem i Porsgrunn Sjakklubb. Der spelte han på lag saman med mellom andre brørne Kjetil A. Lie og Espen Lie. Dette bidrog til den vidare utviklinga som sjakkspelar.

Tallaksen etablerte seg som den sterkaste norske spelaren i 1985-årgangen, og tok fleire noregsmeisterskap i aldersbestemte klasser frå han var 12 år til han var 16 år. I NM i sjakk (landsturneringa) vart han noregsmeister for litleputt i 1998 og for kadett i 2000. I Ungdoms-NM i sjakk vann han klassa under 12 år i 1997, klassa under 14 år i 1999, og klassa under 16 år i 2001.

Tallaksen har ei rekkje gongar representert Noreg i nordiske ungdomsmesterskap i sjakk, med ei sølvmedalje frå 2002 som beste resultat. Han har også seks gonger representert Noreg i EM eller VM for ungdom. Det sterkaste resultatet gjorde han med 18. plass i EM under 18 år i 2003.

Tallaksen debuterte i eliteklassa i NM i sjakk som 16-åring i 2001, og deltok deretter aldri i juniorklassa i NM.

Lagsjakk[endre | endre wikiteksten]

Tallaksen spelte på førstebord for Porsgrunn Sjakklubb si ungdomsavdeling Brattås USK, som vann NM i sjakk for juniorlag i 2002, 2003 og 2004. Tallaksen har også i meir enn ti år vore med på Porsgrunn Sjakklubbb sitt eliteserielag i opa aldersklasse. Høgdepunktet der var klubben sin første noregsmeisterskap for lag i 2006, som blei vunne etter ein tett omkamp mot Asker Sjakklubb. Tallaksen sin 2-0 siger mot stormeisteren Jonathan Tisdall tydde mykje for utfallet.

På veg mot IM-tittel og omkamp om NM[endre | endre wikiteksten]

Den første innteikninga i IM-tittelen fekk han i eliteklassa under NM i Moss 2006. Tallaksen kjempa der overraskande i teten i første halvdel av turneringa. Han fall noko av i andre halvdel, men sikra likevel tittelnappet då han i siste runde vann eit komplisert og dramatisk parti mot lagkameraten Magne Sagafos.

Ein ny og enda større framgang kom under den påfølgjande eliteklassa på Hamar i 2007, der Tallaksen enda på delt førsteplass saman med lagkameraten Espen Lie, begge med 6,5 poeng på 9 rundar. Dette resultatet gav Tallaksen den andre IM-innteikninga med klar margin[1]. Omkampen om noregsmeisterskapen i Porsgrunn vart svært jamnspelt: Dei fem første partia enda remis, før Espen Lie vann det sjette partiet og dermed NM og kongepokalen[2].

Den tredje innteikninga i IM-tittelen kom i eliteserien i sjakk 2010-2011. Der hadde han 1. april 2011 teke 6,5 poeng på dei 7 første partia, og dermed oppfylt krava til eit IM-napp over 9 rundar med to rundar å gå på. Då han allereie for lengst hadde oppfylt ratingkravet om eigen FIDE-rating på 2400 vart det søkt om utnemning til internasjonal meister hos Verdssjakkforbundet FIDE[3]. Det vart likevel avslag på søknaden, då han hadde teke alle tittelnappa i nasjonale turneringar, og kravet er at minst eit av tittelnappa skal vere i ei internasjonal turnering. Dispensasjonspraksis i FIDE har vanlegvis vore liberal. Geir Sune måtte dermed klare eit tittelnapp til, i ei internasjonal turnering, før IM-tittelen er i boks[4] . Dette klarte han allereie same månad som avslaget kom, i den 4. Sveins minneturnering i Oslo i slutten av juni 2011 tok han 6,5 poeng på 9 rundar mot sterk motstand[5]. Han vart deretter utnemnd til IM på FIDE-kongressen i Krakow i oktober 2011[6].

Endring av etternamn[endre | endre wikiteksten]

Geir Sune Tallaksen endra etternamnet sitt til Tallaksen Østmoe då han gifta seg 1. august 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Sjakkblad nr. 4, 2007, s. 10-13
  • Norsk Sjakkblad nr. 5, 2007, s. 11-13

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]