Geiranger kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°5′56″N 7°12′26″E

Geianger kyrkje
Geiranger kirke
Geiranger kirkestad.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Austre Sunnmøre
Sokn Geiranger
Fellesråd Stranda
Type Åttekantkyrkje
Arkitekt Hans Klipe
Material Tre
Innvigd 1842
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 200
Wikimedia Commons: Geiranger kirke

Geiranger kyrkje er ei åttekantkyrkje i Geiranger i Stranda kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1842 og er bygd i treverk (tømmer). Arkitekt var Hans Klipe. Kyrkja har 200 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Geiranger kyrkje is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Geiranger kyrkje
Kyrkja fotografert kring 1905.

Ho er utsmykka av treskjærar Einar Flydahl. Altartavla frå 1902 og måla av Harald Brun. Motivet er den trøystande Kristus. Ei av kyrkjeklokkane er frå 1899. I 1964 fekk kyrkja orgel.

Geiranger kyrkje er soknekyrkje i Geiranger kyrkjesokn i Austre Sunnmøre prosti. Frå 1673 var Geiranger del av Norddal prestegjeld med hovudkyrkje i Norddal, frå 1861 var Geiranger saman med Sunnylven eige prestegjeld.

Tidlegare kyrkjer på staden[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja er den tredje på staden. Det har truleg vore kyrkje der sidan kring 1450 og blir nemnt første gong i Trondhjems Reformats 1589. Også omtalt i 1665, 1709 og 1722. Koret og skipet var «halvt af stav og halvt af tømmer», halve taket vart rasert av storm i 1720.[1] Den fyrste kyrkja vart riven i 1742 og i 1744 stod ny kyrkje ferdig. Det var ei krosskyrkje som brann ned 2. juli 1841.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Helland, Amund (1911): Topografisk-statisisk beskrivelse over Romsdals amt. Oslo: Aschehoug, s.348.
  2. Om Geiranger kyrkje på nettstaden kulturnett.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]