Geirangervegen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Delar av vegen sett frå Dalsnibba
Geirangervegen ved «Knuten» sett nedover

Geirangervegen er ein bilveg mellom Langevatn i Skjåk og Geiranger. Den er ein del av fylkesveg 63 (tidlegare riksveg med same nummer).

Høgaste punkt ligg 1038 moh, ved Djupvatnet. Vegen er ein viktig ferdselsveg mellom Sunnmøre og Austlandet, og ein av dei mest brukte turistvegane i landet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var vegen ein smal rideveg eller kløvveg. På tingsamling i Sunnylven tinglag 1827 vart det vedteke å fullføre den dels påbyrja kløvvegen frå Maråk (Geiranger sentrum) til grensa for Lom prestegjeld (om lag 1 1/2 mil). Arbeidet skulle utførast av bøndene (4 dagar kvar sommar) og plassemenn (1 dag).[1] Planar om betre veg begynte rundt 1850. Vegen blei stukken i 1857 av Hans Hagerup Krag. Første løyvinga kom i 1881. Opptil 300 mann arbeidde på sommaren med dei 22 km veg som stod ferdig i 1889. Vegen hadde maksimal stigning 1:10, ni steinkvelvbruer, 29 hårnålssvingar (180°) og 5364 stabbesteinar. I «Knuten», som ikkje lenger er ein del av vegen, går vegen i sløyfeformasjon, ei av dei første trafikkmaskinene i landet. Byggverket blei tildelt gullmedalje på Parisutstillinga i 1900 med følgjande ord: «Du giver et godt bilde av den storartede norske fjeldnatur».

Vegen blei delvis lagt om på 1960-talet, sjølv om traseen er omtrent den same. Enkelte restar av den opphavlege vegen står framleis. Opphavleg gjekk vegen heilt til Grotli der den møtte gamle Strynefjellsvegen. I 1977 blei strekninga mellom Grotli og Langevatn ein del av den nye Strynefjellsvegen, noverande riksveg 15. Heile vegen blei tofelts i 1983. Vegen var tidlegare ein del av reiselivsproduktet The Golden Route. Frå 2012 er vegen del av nasjonal turistveg Åndalsnes-Trollstigen-Geiranger. Vegen er stengt om vinteren. Det har dei siste åra vore arbeidd med rassikring av Stavbrekkfonna for å gjere mogleg ei tidlegare opning av vegen etter vinteren. Frå Djupvasshytta går det sideveg til Dalsnibba på 1476 m.o.h. (opna 1939).[2]

Vegen er foreslått verna i Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne.[3]

År Opningsdato
2005 20.juni[4]
2006 10.mai[5]
2007 22.mai[6]
2010 19.mai
2011 13.mai[7]
2012 31.mai

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rekdal, Bjarne. Veg og virke i Møre og Romsdal, oktober 1986
  2. Vinje, Leif (1989): Nibbevegen. Eit pionerprosjekt frå ide til realitet. (Geiranger skysslag)
  3. Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner (sjå avsnittet om Geirangervegen)
  4. http://www.gd.no/nyheter/article2774413.ece
  5. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.492638
  6. Statens vegvesen nyhetsarkiv 22.05.2007 http://www.vegvesen.no/Om+Statens+vegvesen/Media/Nyhetsarkiv/Nasjonalt/52348.cms lese 4.sept 2012
  7. http://www.smp.no/nyheter/article338134.ece

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Geirangervegen