Geirmund Ihle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Geirmund Ihle
Fødd29. desember 1934
Haugesund kommune
Død4. juni 2016 (81 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Geirmund Ihle (29. desember 19344. juni 2016) var ein norsk sjømann, skulemann og politikar frå Haugesund. Frå 1969 til 1981 representerte han Rogaland fylke og ArbeidarpartietStortinget.

Ihle var sjømann frå 1951. Han utdanna seg til stuert, og åra 1959 til 1962 var han tilsett stuert i reiarlaget Knut Knutsen OAS. År 1962 begynte han å undervise ved Stuertskolen i Haugesund. Frå 1964 til 1970 arbeidde han i Rogalands Avis og var deretter frå 1971 til 1975 kinosjef i Haugesund. I 1976 fekk han rektorstillinga ved Haugesund kokk- og stuertskole, ein skule som i 1987 skifta namn til Karmsund videregående skole. Ihle var tilsett på skulen til 1997.

Ihle var frå 1964 til 1975 medlem av bystyret i Haugesund for Arbeiderpartiet. Etter valet til Stortinget i 1969 hadde han sete i Sjøfarts- og fiskerikomitéen, seinare var han medlem i Forsvarskomitéen. Han arbeidde både og seinare mykje med utanrikspolitikk og forsvarspolitiske spørsmål.

Ihle hadde fleire offentlige forsvarspolitiske oppdrag, særleg velferdsspørsmål. Frå 1981 til 1984 leidde han eit utval under Forsvarsdepartementet som greidde ut om dei økonomiske og sosiale kåra til krigsdeltakarar, kjend som Ihle-utvalet. I 1986 vart han utnemnd til leiar for Krigsdekorasjonsrådet, eit råd som mellom anna handsama spørsmålet om dei såkalla krigsseglarane i høve norske krigsdekorasjonar. Ihle var 1984-89 styremedlem i ogranisasjonen Folk og Forsvar og perioden 1989-93 visepresident i Norges Forsvarsforening.

Frå 1988 til 1993 var Ihle leiar i setelkomiteen til Noregs Bank, og frå 1992 til 1997 nestleiar i Noregs Bank sitt representantskap, der han hadde vore medlem sidan 1981.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi