Geitastrand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 63°22′28.567″N 9°55′14.354″E

Geitastrand kyrkje
Foto: M.O. Haugen

Geitastrand er ein tidlegare kommune i Sør-Trøndelag. Kommuna blei etablert då Børsa kommune blei delt 1. januar 1905. Kommunen hadde då 674 innbyggjarar. 1. januar 1963 blei Geitastrand slått saman med Orkanger, Orkdal og Orkland til den nye Orkdal kommune. Geitastrand hadde då 559 innbyggjarar.

Geitastrand omfattar kyststripa nordover frå Orkanger langs Trondheimsfjorden til grensa mot Agdenes. Området er tynt befolka og har ingen eigenlege tettstadar. Avstanden over fjorden til Byneset i Trondheim er ca. 5 km på det smalaste. Riksveg 710 til Agdenes går gjennom bygda.