Geitetårn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Geitetårn i Illinois.

Geitetårn er ein dekorativ bygning i fleire etasjar som geiter kan klatra og opphalda seg i. Eit tidleg slikt tårn blei bygt i i Portugal på 1800-talet, der det fyrste geitetårnet ein kjenner blei bygd ved vingarden Aveleda i regionen Vinho Verde. Sidan 1981 er det reist tilsvarande tårn fleire stader i verda, i Sør-Afrika, Noreg, USA, Storbritannia og Argentina. Tre av desse er også på vingardar. Tårna har typisk klatreramper i ein spiral på utsida. Dei blir ofte landemerke og turistattraksjonar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Torre das Cabras ved Aveleda.

Det fyrste geitetårnet bygd i Portugal på 1800-talet var inspirert av dekorative hagebygningar (engelsk folly).[1][2][3] Det var kjent som Torre das Cabras (Tårnet til geitene), og blei bygt av Fernando Guedes da Silva da Fonseca (1871–1946)[4] på Aveleda nær Penafiel. Dette er ein av dei eldste vingardane i den portugisiske Vinho Verde-regione.[5][6] Tårnet er bygd i stein og har tre etasjar med ei høgrevendt rampe (oppover mot klokka) av tre.[7][8] Det er eit av fleire dekorative byggverk på eigedommen, som har gjeve namn til vinmerket deira Follies.[9][10] I tillegg til Torre das Cabras huser garden Vindauget i manuelino-stil, Tehuset, Fire systrer-fontenen og Vakthuset, og bygningane er representerte på vinetikettane til garden.

Francisco Guedes Almeida, eit 13. generasjons medlem av vingardeigarefamilien Guedes,[6] har skildra geitetårnet og dei andre byggverka på eigedommen som «artistiske dagdraumar utan noka funksjonell forklaring» bygt av ulike forfedrar. Ein av dei «tykte ikkje at geiter høyrde til på slettene [...] så dei bygde geitetårnet slik at dei kunne ha eit fjell.»"[10] Tårnet blir brukt av ein flokk av 750 saanengeiter, ein type sveitsiske fjellgeiter.[11] Det er to etasjar høgt og er bygd av murstein. Det har eit bratt metalltak og ei spiralforma trerampe på utsida. Tårnet er ein turistattraksjon i Cape Winelands-området.[12]

Seinare døme[endre | endre wikiteksten]

Geitetårn i Dripping Springs i Texas.

Den sørafrikanske vingarden Fairview bygde sitt geitetårn i 1981, etter at sonen til eigaren der vitja Aveleda og såg tårnet der.[1][13][14] Tårnet blir brukt av ein flokk av 750 saanengeiter, ein type sveitsiske fjellgeiter.[11] Det er to etasjar høgt og er bygt av murstein. Det har eit bratt metalltak og ei spiralforma trerampe på utsida. Tårnet er ein turistattraksjon i Cape Winelands-området.[12]

Vingarden bruker bilde av tårnet og av geiter på merke og namn,[1] og lagar ein vin med namnet «Goats do Roam», eit ordspel på Côtes du Rhône, og ein kalla «Goat Roti» som speler på Côte Rôtie.[15] Namna blei oppfatta som ein negativ kommentar til omgrepet terroir, som held at unike miljøfaktorar påverker landbruksprodukt som vindruer slik at ein ikkje kan kalla to vinar laga av same druer som har vokse i ulike jordsmonn med same namn. I 2004 skreiv bladet Decanter at namnet hadde irritert det franske terroir-tilsynet[a] som var redde for at ein del amerikanarar ikkje ville kunne skilja mellom vinane.[16]

Tårnet i Fairview har inspirert fleire andre. I 1998 bygde to gardbrukarar i Illinois utan nokre geiter,[17] David og Marcia Johnson, eit 31 fot (9,4 m) høgt geitetårn med ein diameter på 8 fot (2,4 m)[18] i Shelby County i nærleiken av Findlay etter å ha lese om det i Decanter.[19][20][21] Tårnet er bygt av 5000 handlaga mursteinar og har 276 trappetrinn laga av armert betong. Det har seks etasjar.[1][15] Ekteparet Johnson har kalla bygningen sin «The Tower of Baaa». I 2000 kjøpte dei 11 saanengeiter[11] som no bruker tårnet. Johnson har sagt: «Goats are the most curious animals in the world so they use the tower a lot. They come and go, passing each other on the ramp.» Garden til Johnsons blir no kalla Goat Tower Farm, og har blitt til ein turistattraksjon.

Geitetårnet i Cholmondeley Castle Gardens i Cheshire

Mjølkegarden Ekeby i Moss i Noreg, som har Finn-Erik Blakstad som eigar, bygde eit tårn som bygde på det i Fairview. Han importerte boargeiter Garden har brukt bilde av tårnet i marknadsføring av mjølka og osten frå garden, og på servervingsstaden sin.[1][15] Kjøkkensjefen her, Elizabeth Holm, fekk eit bilde av tårnet tatovert på store delar av ryggen.[22]

I 2010 bygde Finca el Rocío, ein geitegard i Valle de Calamuchita i Mendoza i Argentina, eit tårn for dei anglo-nubiske geitene sine. Tårnet, som dei kalla Torre de Cabras, var inspirert av det til Fairview,[23] og blei bygd etter same mal som det til vingarden.[24] Tårnet er blitt ein turistattraksjon.

Hampton Roads Winery i Surry i Virginia skal ha bygd eit tårn på 34 fot (10 m), det høgaste geitetårnet i verda, for å husa dei nigerianske dverggeitene sine etter å ha lese om Fairview-tårnet.[25][26] Vingarden her har fleire vinar med namn etter tårnet.[27]

Andre døme er Cholmondeley Castle Gardens i Cheshire, som har eit geitetårn for dverggeitene sine,[28][29] og eit geitetårn bygd i hagen til Silky O'Sullivan's bar ved Beale Street i Memphis i Tennessee,[30] der kundar av og til gir øl til geitene.[1][15] Ved ein besøksgard i Waunakee i Wisconsin er det bygd eit geitetårn i stål av Endres Manufacturing Company i ein bayersk stil for å passa med andre bygningar i området.[31][32]

I 2018 bygde Darin og Maggie Duvall eit treetasjes geitetårn ved Henly Hills Farm i Dripping Springs i Texas for dei omplasserte geitene sine. Også dette tårnet var inspirert av det til Fairview Winery, og blei laga for hand av murblokker. Det har skrått metalltak og treblokker som trinn til ulike dekk. Det er opplyst om natta.[33]

I 2019 bygde Maryland Zoo ein klatrestruktur for geitene sine som dei kalla eit «geiteslott».[34]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. «irked France's terroir creator and protector, the INAO (Institut National des Appellations d’Origine)»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Brasch, Sam (16. april 2014). «Goat Towers: An Idea Whose Time Has Come». Modern Farmer (på engelsk). Arkivert frå originalen 30 November 2017. Henta 18. november 2019. 
  2. American Society of Landscape Architects. Garden design Arkivert 2. mai 2014 ved Wayback Machine. – Volume 18, Issue 5. 1999. "...Silva da Fonseca, began developing the gardens on a grander scale and building their architectural follies in the 1820s. These are painstakingly maintained today: a stone goat tower three stories high with a spiral ramp of logs..."
  3. Nic Barlow, Caroline Holmes. Follies of Europe: architectural extravaganzas Arkivert 2 May 2014 ved Wayback Machine.. 2008 Page 180.
  4. «Aveleda SA - A family passion applied to wine | Meiningers Wine Business International». www.drinks-today.com. Arkivert frå originalen 30. desember 2019. Henta 30. desember 2019. 
  5. Aveleda website, http://www.aveleda.pt Arkivert 14. juli 2018 ved Wayback Machine.
  6. 6,0 6,1 Penafiel: Quinta da Aveleda Arkivert 11 June 2015 ved Wayback Machine.. Visao. 27 April 2009.
  7. «Aveleda». web.archive.org. 8 March 2018. Arkivert frå originalen 8. mars 2018. Henta 18 November 2019. 
  8. Aguiar, Gail (2 March 2015). «Quinta Da Aveleda's Goat Tower». Gail at large (på engelsk). Arkivert frå originalen 10 September 2016. Henta 18 November 2019. 
  9. «No meu copo 269 - Os Follies da Aveleda». Krónikas Vinícolas. 27 February 2010. Arkivert frå originalen 30. desember 2019. Henta 30. desember 2019. 
  10. 10,0 10,1 «We have to be open to rediscover some wines: Francisco Guedes Almeida, heir to the Aveleda Group, reveals behind the scenes the succession and challenges of a 1,000-year-old family business». Revista ADEGA (på portugisisk). Arkivert frå originalen 30. desember 2019. Henta 30. desember 2019. 
  11. 11,0 11,1 11,2 Smyser, Sue. «Tower in Illinois strictly for the goats». chicagotribune.com (på engelsk). Henta 18. november 2019. 
  12. 12,0 12,1 Grobler, Nicol (29. januar 2017). «Fairview opens the First Skywalk for Goats». SA Country Life (på engelsk). Henta 18. november 2019. [daud lenkje]
  13. Erica Platter. A Strange Case of Wine Arkivert 2 November 2017 ved Wayback Machine.. New Africa Books, 1993 ISBN 9780864862600 p.79 describes the South African Goat Tower as one of a series of 'garden follies' based on European originals.
  14. «Fairview Farm has goat this». Cape Business News (på engelsk). 14 March 2017. Henta 25 January 2020. 
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 «The Goat Tower of Fairview Cheese & Wine Farm». Atlas Obscura (på engelsk). Arkivert frå originalen 30. september 2017. Henta 18 November 2019. 
  16. Styles, Oliver (17 February 2004). «Goats continue to Roam despite Rhône objections». Decanter (på engelsk). Arkivert frå originalen 7. november 2017. Henta 18. november 2019. 
  17. The Great Goat Tower of Shelby County (på engelsk), arkivert frå originalen 6. mai 2019, henta 30. desember 2019 
  18. Selbert, Pamela (15. desember 2017). «A tower of goats and other quirky Illinois attractions». stltoday.com (på engelsk). Arkivert frå originalen 7. juli 2018. Henta 18. november 2019. 
  19. 31 Ft. Goat Tower Keeps Animals Fit, Happy Arkivert 19 September 2013 ved Wayback Machine. Farm Show Volume 33, Issue 2, 2009.
  20. «Goat Tower». www.dalejtravis.com. Arkivert frå originalen 23 September 2015. Henta 18 November 2019. 
  21. Huttes, Celeste (16 September 2019). «Build It and Goats Will Climb It». Successful Farming (på engelsk). Arkivert frå originalen 18 September 2019. Henta 18 November 2019. 
  22. Skovly, Elisabeth (30. august 2017), «Skulle flytte til Sør-Afrika, men endte på Rådhuset i Rygge», Moss Avis (på norsk), henta 4. mars 2021 
  23. «Finca el Rocio Villa Gral Belgrano 3». Costumbres Rurales. 3. september 2010. Arkivert frå originalen 31. desember 2019. Henta 25. januar 2020. 
  24. «Shelbyville Goat Tower». www.robinhoodwoods.com. Arkivert frå originalen 1. januar 2020. Henta 1. januar 2020. 
  25. Joseph, Natalie. «Hampton Roads Winery: One year in». dailypress.com. Arkivert frå originalen 25 January 2020. Henta 25 January 2020. 
  26. Centolanza, Brandy. «Hampton Roads Vineyard & Winery went from a retirement dream to a going concern». dailypress.com. Arkivert frå originalen 25. januar 2020. Henta 25 January 2020. 
  27. «Goat Tower Wines». Alignable. Arkivert frå originalen 25. januar 2020. Henta 25. januar 2020. 
  28. «Cholmondeley Castle Gardens – Live Well Cheshire East». livewellservices.cheshireeast.gov.uk. Henta 18 November 2019. 
  29. «Cholmondeley Castle Gardens». AboutBritain.com. Arkivert frå originalen 21 February 2019. Henta 18 November 2019. 
  30. «Silky O'Sullivan's». Atlas Obscura. Arkivert frå originalen 18 May 2019. Henta 18 November 2019. 
  31. «Waunakee, WI – Bavarian-Themed Business, Goat Tower». RoadsideAmerica.com. Arkivert frå originalen 25 October 2017. Henta 18 November 2019. 
  32. «Press Release – Goat Tower». www.endresmfg.com. Arkivert frå originalen 4 March 2016. Henta 18 November 2019. 
  33. «Facebook». www.facebook.com. Henta 28. oktober 2020. 
  34. Goat Castle (på engelsk), henta 30. desember 2019