Gene Barge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gene Barge
Fødd9. august 1926 (97 år)
FødestadNorfolk i Virginia
OpphavUSA
Instrumentsaksofon
Verka sommusikar, saksofonist, musikkprodusent, komponist

Gene Barge (fødd 9. august 1926) er ein USA-amerikansk tenor- og altsaksofonist og komponist i fleire band.[1]

I 1960-åra var han med å starte The Church Street Five og arbeidde mykje med Chess Records. Barge har turnert og spelt med kjende artistar som Fats Domino, Bo Diddley, Big Joe Turner, LaVern Baker, Ray Charles, Chuck Willis, The Rolling Stones og Natalie Cole.

Barge var òg skodespelar og har hatt roller i store filmar med Gene Hackman, Chuck Norris, Harrison Ford og Steven Seagal. Han har òg turnert i nyare år under pseudonymet «Daddy G».[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Church Street Five». Allmusic. Henta 9. juli 2017. 
  2. «Gene Barge - Biography». Allmusic. Henta 28. februar 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]