Gene Dinwiddie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gene Dinwiddie
Fødd19. september 1936
FødestadLouisville
Død11. januar 2002 (65 år)
FødenamnCharles Eugene Dinwiddie
OpphavUSA
Instrumentsaksofon
Verka sommusikar, saksofonist

Gene Dinwiddie (fødd 19. september 1936 som Charles Eugene Dinwiddie, daud 11. januar 2002)[1][2] var ein amerikansk bluessaksofonist, som er mest kjend som medlem av Butterfield Blues Band.

Dinwiddie hadde spelt sidan 1950-åra innan både jazz og blues før han i 1967 vart med i blåserekkja i Butterfield Blues Band. Her vart han verande til gruppa vart oppløyst i 1971, før han vart medlem i ein avleggjarane, Full Moon.

Det var òg i 1960-åra at han var medlem av James Cotton Blues Band og i 1970-åra arbeidde han som studiomusikar, mellom andre for B.B. King, Paul Butterfield, Gregg Allman, Melissa Manchester og Jackie Lomax.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. A power stronger than itself: the AACM and American experimental music, George Lewis, University of Chicago Press, 2008, page 70
  2. Social Security Death Index for Charles E. Dinwiddie, born 19. september 1936, died 11. januar 2002

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]