Hopp til innhald

Gene Page

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gene Page
Fødd13. september 1939(1939-09-13)
FødestadLos Angeles i California i USA
Død24. august 1998 (58 år)
DødsstadWestwood i Los Angeles
FødenamnEugene Edgar Page Jr.
OpphavUSA
Aktiv1960–1998
SjangerR&B, soul, pop, Funk, Jazz, Dance, Disco
InstrumentPiano, fiolin
Tilknytte artistarBarry White
Atlantic Starr
Kenny Rogers
Elton John
PlateselskapAtlantic Records
Arista Records
Verka somPianist, arrangør, komponist og produsent

Eugene Edgar Page jr.[1] (13. september 193924. august 1998) var ein USA-amerikansk dirigent, komponist, arrangør og plateprodusent, mest aktiv frå midten av 1960-åra og til midten av 1980-åra.

Han kan høyrast i arrangementa han gjorde for Jefferson Starship, The Righteous Brothers, The Supremes, Four Tops, Barbra Streisand, Johnny Mathis, Donna Loren, Martha and the Vandellas, Cher, Harriet Schock, Barry White, The Love Unlimited Orchestra, Dionne Warwick, Aretha Franklin, Whitney Houston, George Benson, The Jackson 5, Roberta Flack, Elton JohnPhiladelphia Freedom»), Leo Sayer, Marvin Gaye, The Temptations, Frankie Valli, Helen Reddy og Lionel Richie, blant fleire.[2]

I tillegg gav han ut fire soloalbum og laga musikk til ulike filmar, som Brewster McCloud og Fun with Dick and Jane. I 1972 vart han hyra for å lage musik til blaxplotation-filmen Blacula.[2]

Gene Page døydde etter mange års sjukdom som følgje av alvorleg alkoholisme på UCLA Medical Center i Westwood i Los Angeles den 24. august 1998, 58 år gammal.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

År Album Listeplassering Plateselskap
US
[3]
US
R&B

[3]
1974 Hot City 156 41 Atlantic Records
1976 Lovelock! 45
1978 Close Encounters Arista Records
1980 Love Starts After Dark
«—» syner at albumet ikkje gjekk inn på lista

Med Big Joe Turner

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Perrone, Pierre (21. september 1998). «Obituary: Gene Page». The Independent. Henta 8. april 2023. 
  2. 2,0 2,1 Hogan, Ed. «Artist Biography». AllMusic. Henta 8. april 2023. 
  3. 3,0 3,1 «Gene Page US Chart History». AllMusic. Arkivert frå originalen 12. juli 2012. Henta 28. april 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]