Gene Vincent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gene Vincent
Verkeleg namn Vincent Eugene Craddock
Fødd 11. februar 1935
Død 12. oktober 1971
Instrument Vokal, Gitar
Sjanger Rock and Roll, rockabilly
Yrke Musikar

Vincent Eugene Craddock eller Gene Vincent (11. februar 193512. oktober 1971) var ein amerikansk rock and roll-artist.

Han voks opp i Virginia, påverka av country, rhythm and blues og gospel. Han fekk sin første gitar i gåve av ein ven då han var 12 år gammal. I 1952 forlet Vincent skulen og gjekk inn i marinen. I 1955 var han stasjonert i Korea. I juli 1955 hadde han ei stygg motorsykkelulukke. Han nekta å amputere foten, som vart redda, men det gjorde at han halta og hadde kroniske smerter resten av livet.

Då Craddock var ferdig med marinen skifta han namn til Gene Vincent og danna rockabilly-bandet Bluecaps.[1] Bandet inkluderte Willie Williams på rytmegitar, Jack Neal på bass, Dickie Harrell på trommer Paul Peek på vokal og gitar og den nyskapande sologitaristen Cliff Gallup. Gene Vincent and the Bluecaps fekk raskt eit rykte som countryband i Norfolk, og her vart dei oppdaga etter ein lokal talentkonkurranse.[2]

I 1956 skreiv han «Be-Bop-A-Lula» og fekk platekontrakt hos Capitol Records. «Be-Bop-A-Lula» vart ikkje på det første albumet til Vincent og vart heller ikkje vald ut som første singel. Han fekk derimot i stand at «Be-Bop-A-Lula» skulle verte b-side til den første singelen hans, «Woman Love». Mannen som hadde skaffa han kontrakt hos Capitol, Bill Lowery, sende promoplater av «Be-Bop-A-Lula» til radiostasjonar i heil landet, og då Capitol gav ut singelen, var det b-sida «Be-Bop-A-Lula» som vart fanga opp og spelt på radiostasjonane. Songen vart ein stor hit og Gene Vincent ei rock and roll-stjerne. Songen gjekk opp til 7. plass på Billboard-lista og var 20 veker inne på lista. Gene Vincent & His Blue Caps klarte ikkje å lage ein like kommersielt vellukka oppfølgjar, men gav ut kritikarroste songar som «Race with the Devil»" (#96 på Billboard) og «Bluejean Bop» (#49).

Gruppa hadde ein annan hit i 1957 med «Lotta Lovin'», som låg 19 veker på listene og nådde 13. plass på det høgaste. Gene Vincent fekk gullplate for å ha seld 2 millionar eksemplar av «Be-Bop-A-Lula» og 1,5 millionar av «Lotta Lovin'». Same året turnerte han Australia i lag med Little Richard og Eddie Cochran. Vincent var òg ein av dei første rockestjernene som fekk filmroller, The Girl Can't Help It i lag med Jayne Mansfield.

«Dance to the Bop» var gjeve ut i slutten av oktober 1957.[3]. I november vart songen spelt på fjernsynsprogrammet Ed Sullivan Show.[4]. Songen låt ni veker på listene og nådde 23. plass, som den siste hitsingelen til Vincent i USA.[5]

I 1959 reiste Vincent til Europa for å oppnå eit publikum der etter at karrieren hans var på hell i USA. I 1960, medan han var på turne i Storbritannia, vart Vincent og låtskrivaren Sharon Sheeley alvorleg skadde i ei trafikkulukke i ein privatleigd drosje på veg til London Airport. Både Vincent og Sheely kom frå det med livet, men forloveden til Sheely, Eddie Cochran, omkom i ulukka.

Vincent flytta til England i 1963 og heldt mange konsertar her. Seinare i 60-åra prøvde han å få nytt liv i karrieren sin i USA som ein folkrock- og countryrock-artist, men oppnådde ikkje særleg suksess og er best hugsa for innspelingane han gjorde på 50-talet.

Gene Vincent døydde 12. oktober 1971 på grunn av eit magesår, medan han vitja faren i California. I 1998 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Gene Vincent» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Steven Mandich "SWEET GENE VINCENT (The Bitter End) Orange Syringe Publications. (2002) 1000 Printed. ISBN 0-9537626-0-2
    • Susan Vanhecke. Race With the Devil: Gene Vincent's Life in the Fast Lane. Saint Martin's Press ISBN 0-312-26222-1
    • Derek Henderson "GENE VINCENT A Companion" (the ultimate reference book to his recorded work) (A4 176pp Soft Cover) Spent Brothers Productions (2005) ISBN 0-9519416-7-4
    • Mick Farren "GENE VINCENT. There's One In Every Town" The Do-Not Press (2004) ISBN 1-904316-37-9

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]