John Mordaunt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå General John Mordaunt)
Hopp til navigering Hopp til søk
John Mordaunt
General Sir John Mordaunt.jpg
Fødd1697
Død23. oktober 1780
Southampton
Statsborgar avKongeriket Storbritannia
Yrkesoldat, politikar
FarHarry Mordaunt
MedlemStorbritannias 11. parlament
7th Parliament of Great Britain
8th Parliament of Great Britain
9th Parliament of Great Britain
Storbritannias 10. parlament
Storbritannias 12. parlament

General Sir John Mordaunt, KB (169723. oktober 1780) var ein britisk soldat og Whig-politikar. Han var mest kjend for å ha kommandert raidet på Rochefort som enda i fiasko. For dette vart han stilt for krigsrett og fekk skulda for det mislukka oppdraget.

Han gjekk inn i militæret i 1721 og vart kaptein i 1726 og oberstløytnant i 1731. Han kom inn på Parlamentet for Pontefract-regjeringa i 1730 og sat i Parlamentet fram til 1768.

I 1742 vart han oberst for det kongelege irske regimentet, som i 1744 vart sendt for å verne Nederland mot fransk invasjon. Han vart kalla tilbake i november 1745 for å slå ned jakobittaropprøret dette året og vart brigader.

sjuårskrigen braut ut i 1756 fekk han ansvaret for å trene soldatar ved Blandford. Året etter vart han vald ut til å ta den franske hamnebyen Rochefort. Både han og dei nestkommanderande var motvillige, og det same var marinekommandantane Edward Hawke og Charles Knowles. William Pitt og sir John Ligonier på høgaste hald pressa på for å få gjennomført planen.

31 krigsskip og 49 transportskip med 10 bataljonar med soldatar sette seg den 6. september 1757 og erobra Île d'Aix den 21. september. Dei oppdaga derimot at det var altfor grunt for dei store skipa å nå inn til Rochefort, over ein kilometer, så det var òg altfor langt å setje soldatane i småbåtane. Dei bestemte seg i staden for å ta ei festning ved munningen av elva Charente, men på grunn av kraftig vind måtte dei avbryte i siste minutt. Ekspedisjonen kom attende til Storbritannia 6. oktober.

Pitt var rasande over den mislukka ekspedisjonen som hadde kosta meir enn ein million pund for ingenting. Kong Georg II sette i stand ei gransking. Dei kom fram til at det tilsynelatande ikkje var nokon på land som kunne hindre ein landgang av britane og at dei lette kunne tatt Rochefort. På bakgrunn av dette vart Mordaunt stilt for krigsrett i desember. På grunn av den dårlege informasjonen han hadde fått før oppdraget kom i gang, vart han einstemmig funne uskuldig i ulydigheit. Georg II fjerna likevel Mordaunt, Conway og Cornwallis frå Parlamentet i juli 1758 og erstatta Mordaunt som guvernør i Sheerness.

Mordaunt heldt fram i forsvaret, men fekk aldri ei kommandørstilling igjen. Han vart general i 1770 og var guvernør i Berwick-upon-Tweed frå 1778 til 1780, då han døydde i heimen sin nær Southampton. Han var aldri gift og hadde heller ikkje barn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]