Generalavtalen om toll og handel
- «GATT» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå GATT (fleirtyding).
Generalavtalen om toll og handel (GATT: General Agreement on Tariffs and Trade) var ein multilateral juridisk avtale mellom fleire land, med overordna føremål om å fremja den internasjonale handelen ved å redusera eller fjerna hinder ved handel som toll- og handelskvoter.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Avtalen vart fyrste gong drøfta under ein konferanse om handel og sysselsetjing i regi av SN, og var eit fåfengt forsøk på å skipa Internasjonal Trade Organization (ITO). GATT-avtalen vart skriven under av 23 statar i Genève den 30. oktober 1947, og tredde i kraft den 1. januar 1948. Han vart verande i kraft, inntil 123 statar skreiv under dei såkalla Uruguay-runde-avtalane i Marrakech den 14. april 1994. Som ein del av denne avtalen vart GATT avløyst av etterfylgjaren World Trade Organisasjon (WTO) den 1. januar 1995. Den opphavlege GATT-teksten (GATT 1947) er likefullt i kraft under WTO, med atterhald for endringane i GATT i 1994.[1]
I alt var det ni GATT-rundar med forhandlingar om å gjennomføra monalege tollreduksjonar.
GATT, og etterfylgjaren WTO, har suksessfullt redusert tollsatsane. Det gjennomsnittlege nivået for tollsatsar i dei store GATT-landa var ikring 22 % i 1947, medan berre 5 % etter Uruguay-runden i 1999.[2] Ein del av desse toll-endringane har førekome etter innsatsen i regi av GATT og seinare WTO.[3][4][5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ World Trade Organisation: WTO's juridiske tekster Arkivert 14. december 2005 ved Wayback Machine.; General Agreement on Tariffs and Trade Arkivert 26. juni 2018 ved Wayback Machine.
- ↑ Bown, Chad P.; Irwin, Douglas A. (december 2015). «The GATT's Starting Point: Tariff Levels circa 1947». NBER Working Paper No. 21782. doi:10.3386/w21782.
- ↑ Tomz, Michael; Goldstein, Judith L; Rivers, Douglas (2007). «Do We Really Know That the WTO Increases Trade? Comment». American Economic Review (på engelsk) 97 (5): 2005–2018. ISSN 0002-8282. doi:10.1257/aer.97.5.2005. Arkivert frå originalen 9. august 2020. Henta 21. januar 2021.
- ↑ Goldstein, Judith L.; Rivers, Douglas; Tomz, Michael (2007). «Institutions in International Relations: Understanding the Effects of the GATT and the WTO on World Trade». International Organization 61 (1): 37–67. ISSN 1531-5088. doi:10.1017/S0020818307070014. Arkivert frå originalen 30. juni 2018. Henta 5. november 2018.
- ↑ Irwin, Douglas A. (9. april 2007). «GATT Turns 60». Wall Street Journal (på engelsk). ISSN 0099-9660. Arkivert frå originalen 6. november 2018. Henta 28. oktober 2017.
- Denne artikkelen bygger på «GATT» frå Wikipedia på dansk, den 25. april 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «History of Trade: History of the multilateral trading system» (på engelsk). The World Trade Organization (WTO).
- Trade Talks Episode 9: Happy 70th GATTiversary – The Origins of Multilateral Trade
- GATT Digital Library 1947–1994 at Stanford University
- The WTO and Global Trade at PBS
- BBCnews World/Europe country profile
- GATT-tekst 1947
- GATT-tekst 1994