Generalprøve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Generalprøve for Les pêcheurs de perles av Georges Bizet ved Adrienne Arsht Center og Broward Center for the Performing Arts i 2015.

Generalprøve er nemninga på den siste prøveframsyninga av eit teaterstykke eller anna sceneframsyning før framsyninga vert presentert for publikum på ordinært vis. Det har ofte vore gjort ein eller fleire andre førebuande prøveframsyningar, såkalla kost og mask, før framsyninga er klar for generalprøva.

Under generalprøva er det ofte særskild innbodne tilskodarar til stades, og i mange høve vert avisenes teaterkritikk skrive på grunnlag av generalprøver.