Generalstaben i Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emblemet til generalstaben.

Generalstaben i Russland (russisk Генеральный штаб Вооружённых сил Российской Федерации; Generalnyj sjtab Vooruzjonnykh sil Rossijskoj Federatsii) er Forsvarsdepartementet i Russland sitt sentrale og viktigaste organ for leiing av dei russiske væpna styrkane, og fører kommando over alle forsvarsgreiner.

Generalstaben forvaltar leiing av dei væpna styrkane, organiserer planlegging av forsvar av Russland, førebur mobilisering og koordinerer verksemda i alle forsvarsgreiner. Generalstaben er inndelt i ei rekkje hovuddirektorat (glavnoje upravlenije), direktorat (upravlenije) og kommandoar.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Den gamle Genralstabsbygninga i Kolymazjnaja, Moskva

Direktorat:

  • Operativt hovuddirektorat
  • Andre hovuddirektorat (Tidlegare GRU - frå 2017 berre kalla Hovuddirektoratet)
  • Hovuddirektorat for organisering og mobilisering
  • Hovuddirektorat for samband
  • Direktorat for elektronisk krigføring
  • Direktorat for militær topografi
  • Åttande direktorat
  • Direktorat for utvikling av droner
  • Direktorat for operativ førebuing

Kommando:

Det finst eigne kommandoar for hær- sjø- og luft/luftforsvar og dessutan for Russlands strategiske rakettstyrkar og Russlands luftlandestyrker.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Указ Президента Российской Федерации от 23 июля 2013, arkivert frå originalen 17. august 2014, henta 28. januar 2017 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]