Hopp til innhald

Generasjonspartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om partiet grunnlagt i 2020. For partiet med same namn i 2001, sjå Sosialdemokratane.
Generasjonspartiet

LandNoreg
Partileiar(ar)Gyda Oddekalv
Grunnlagt7. oktober 2020

Generasjonspartiet (GP) er eit norsk politisk parti som vart skipa i Bergen den 7. oktober 2020 og registrert i Partiregisteret den 8. januar 2025.[1] Gyda Oddekalv har vore partileiar sidan mars 2023.[2]

Partiet vil ha eit direktedemokrati der folket kan vera med å taka politiske avgjersler ved å røysta igjennom ein app.[3][4] Det har vidare fokus på infrastruktur, beredskap, rettferd, natur og miljø.[5] Partiet er imot overnasjonal styring og semjer som set vekk norsk sjølvråderett.[6]

Bak skipinga av partiet stod Karstein Birkeland og Frank Bruland.

Partiet stilte lister ved Stortingsvalet 2021, der det fekk 88 røyster i Hordaland og 112 røyster i Akershus.

Ved kommunestyrevalet 2023 stilte partiet liste i Bergen, der det fekk 870 røyster utan å oppnå representasjon.

Partiet stiller til val i alle fylka i landet ved Stortingsvalet 2025.

Valresultat

[endre | endre wikiteksten]
Årstal Mengd røyster Del Mandat
Stortingsvalet 2021 199 0,0 % 0
Kommunestyrevalet 2023 870 0,0 % 0
  1. ↑ «Kunngjøringer - Brønnøysundregistrene», w2.brreg.no, henta 27. juli 2025
  2. ↑ «Våre Folkerepresentanter». Generasjonspartiet (på norsk). Henta 17. mars 2023.
  3. ↑ Briceno, Laurita Fure (9. juni 2025), «Fleire nye parti stiller til stortingsvalet 2025: Gyda vil revolusjonere politikken», NRK, henta 27. juli 2025
  4. ↑ «Direkte demokrati», Generasjonspartiet (på norsk), henta 27. juli 2025
  5. ↑ «Politisk Parti». Generasjonspartiet (på norsk). Henta 17. mars 2023.
  6. ↑ Generasjonspartiet: Partiprogram 2025 (PDF). 2025. s. 18.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]