Gendrift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Genetisk drift)
Simulasjonar av gendrift for 20 allel (genvariantar), øvst for ein populasjon med 10 individ, nedst for ein med 100 individ.

Gendrift viser til den tilfeldige endringa av genforrådet til ein populasjon. I tillegg til det naturlege utvalet kan òg tilfeldige hendingar påverka kva individ som lukkast best i å overleva og formeira seg. Prosessen er altså uavhengig av om gena til individa gjev dei fordelar eller ulemper.

Gendrift er ein evolusjonsfaktor som mellom anna kan føra til at fråskilde populasjonar får ulike arveeigenskapar over tid. Ho har ein sterk tendens til å vera sterkare i små populasjonar.