Genever

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Genever-reklame
Hollandse Graanjenever

Genever (òg kjend som jenever, hollandsk gin eller Dutch Gin) er ein nederlandsk alkoholdrikk laga av brennevin av korn (hovudsakleg bygg), som får ein eigen karakteristikk ved tilsetting av einebær og andre smakstoff ved siste destillasjon. Genever er kjend som nasjonalbrennevinet til Nederland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mykje tyder at på sør-italienske munkar allereie på 1000-talet laga ein slag einebærsprit, medan andre hevdar at den første geneveren blei produsert i Flandern på 1300-talet. På denne tida trudde ein at all sprit var medisin mot plager som pest, og sprit med einebær skulle visstnok ha ekstra god effekt. Ein nederlandsk doktor kalla Sylvius har, truleg noko feilaktig, fått æra for å ha oppfunne genever i 1572. Han skulle i utgangspunktet laga eit uttrekk av einebær for å kurera nyresjukdomar. Men i 1655 (83 år seinare) var kommersiell produksjon i gang med eit heilt anna føremål.

Framstilling[endre | endre wikiteksten]

Genever har vore laga sidan 1600-talet. Framstillinga liknar på den til whisky. Kornet ein skal bruka blir spreidd utover eit golv og tilsett vatn for å starta spiring. Spiringa blir avbroten ved at varm luft tørkar kornet. Kornet blir deretter mole og blanda med noko rug, mais og varmt vann. Høgkvalitets-genever må innehalda 5 % eller meir av malta bygg. Det er denne blandinga som blir gjæra og ender opp som ei alkoholsvak væske, som nokon ofte forbind med øl. Denne alkoholsvake væska blir destillert 2-3 gonger i pot stills til ein maltvin med lågt alkoholinnhald.

Denne maltvina vert tilsett einebær og andre smakstoff før siste destillering. Enkelte produsentar av genever kan ha opptil 20 ulike løynlege ingrediensar i sina oppskrifter.

I tillegg til einebær og koriander finn ein smakstilsetninger av botaniske ingrediensar, urter og krydder som blant anna kvann, kardemomme, sitrusskal og anis.

Dette destillatet har vanlegvis ein alkoholstyrke på ca. 50 %, noko som er ganske svakt. Grunna den svake alkoholstyrken får ein eit sluttprodukt som er særs fyldig og maltprega.

Kvalitetar[endre | endre wikiteksten]

Det finst to typar genever. Den eine typen heiter Jonge eller «ung». Han er laga av maks 15 % maltvin og maks 10 g sukker per liter, men er tilsett eit nøytralt brennevin slik at karakteren er mykje lettare. Denne typen er ufarga.

Den andre typen blir kalla Oude eller «gammal», og har 2–3 års lagring på eikefat bak seg i tillegg til ein spesiell produksjonsprosess. Denne kvaliteten inneheld minst 15 % maltvin og maks 20 g sukker per liter. Han har lysebrun farge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Genevemerke