Hennadij Avdjejenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gennadij Avdejenko)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hennadij Avdjejenko
Fødd 4. november 1963
Odessa
Yrke friidrettsutøvar

Gennadij Valentinovitsj Avdejenko[a] (fødd 4. november 1963) er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar frå Odessa i Ukraina, som tevla for Sovjetunionen. Han vart verdsmeister i høgdehopp i 1983 og olympisk meister i same øvinga i 1988.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Avdejenko starta idrettskarrieren som tresteghoppar, seksten år gammal hoppa han 15,57 m. Etter kvart konsentrerte han seg om høgdehopp, og sette personleg rekord med 2,22 m i 1982. I 1983 overraska han stort i Helsingfors, då han gjekk til topps i høgdetevlinga under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett. Han forbetra sin personlege rekord med fire centimeter, og var saman med Tyke Peacock frå USA åleine om ta seg over 2,32 m.

Sommaren 1984 forbetra han sitt personbeste til heile 2,38 m, men deltok ikkje i sommar-OL 1984 i Los Angeles, då Sovjetunionen boikotta leikane. Fyrst i 1987 deltok han på ny i ein stor meisterskap. Under friidretts-VM 1987 i Roma var han ein av hovudaktørane i ei tevling med mange sterke prestasjonar. Fire mann klarde 2,35 m, og tre av desse svinga seg også over 2,38 meter. Patrik Sjöberg frå Sverige vart ståande att som vinnar, medan Avdejenko og Igor Paklin, som begge representerte Sovjetunionen, fekk kvar si sølvmedalje.

Under sommar-OL 1988 i Seoul vann Avdejenko gullmedaljen då han var den einaste som hoppa over 2,38 meter, tre mann stoppa på 2,36 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1983 i Helsingfors: Gullmedalje - 2,32 m, framom Tyke Peacock (2,32 m)
  • VM 1987 i Roma: Sølvmedalje – 2,38 m, delt med Igor Paklin
  • OL 1988 i Seoul: Gullmedalje – 2,38 m, framom Hollis Conway (2,36 m)

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ukrainsk skrift Геннадій Валентинович Авдєєнко

Kjelder[endre | endre wikiteksten]