Genom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Genomet)

Genomet er den totale mengda av arvestoff til ein organisme. Det inkluderer alle gen på alle kromosom. Det vert òg nytta om eitt einskild sett av kromosom (haploiditet).[1]

Menneskegenomet har kring 3 milliardar basepar, og nukleotidsekvensen dess vart skildra i ei utgjeving i 2003.[1]

Per april 2023 er genoma til 240 sogdyr sekvenserte.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «genom» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 20. mars 2016.
  2. Kozlov, Max (2023). «Huge cache of mammal genomes offers fresh insights on human evolution». Nature. PMID 37117692. doi:10.1038/d41586-023-01446-7. 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.