Gentle on My Mind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gentle on My Mind
Singel av Glen Campbell
frå albumet Gentle on My Mind
B-side

«Just Another Man»

Språk engelsk
Utgjeve 19. juni 1967

Juli 1968 (nyutgjeving)

Innspelt 17. mai 1967
Sjanger Country
Lengd 2:58
Selskap Capitol 5939
Komponist John Hartford
Tekstforfattar John Hartford
Låtskrivar(ar) John Hartford
Produsent Al DeLory
Glen Campbell-kronologi 
«Burning Bridges»
(1967)
Gentle on My Mind «By the Time I Get to Phoenix»
(1967)


«Gentle on My Mind» er ein song skriven av John Hartford[1] som vann fire Grammyprisar då han kom ut i 1968. Hartford sjølv vann prisen for beste visesong og beste countrysong (låtskrivar). Dei to andre prisane gjekk til songaren Glen Campbell for beste mannlege solovokal og beste countrysong. «Gentle on My Mind» kom ut i juni 1967 som den einaste singelen frå albumet med same namn. Han kom ut på ny i juli 1968 til større suksess. Versjonen til Glen Campbell har blitt spelt over fem millionar gonger på radio. Campbell brukte «Gentle on My Mind» som kjenningsmelodi til fjernsynsshowet sitt, The Glen Campbell Goodtime Hour mellom 1969 og 1972. Dean Martin-versjonen, som vart spelt inn i 1968, vart ein stor hit i Storbritannia. Tre versjonar av songen, Campbell sin, Martin sin og Patti Page sin, nådde alle topp ti på den amerikanske easy listening-lista i 1968. Songen vart rangert på 16. plass på BMI si liste over dei 100 beste songane på 1900-talet.[2]

Bakgrunn og låtskriving[endre | endre wikiteksten]

Hartford rapporterte at han var inspirert til å skrive songen etter å ha sett filmen Doctor Zhivago og det tok kring ein halv time å skrive ned teksten.

Campbell høyrde originalversjonen til Hartford på radio og valde med ein gong å spele inn songen. På den tida hadde Campbell kontrakt med Capitol Records som soloartist, men hadde ikkje klart å slå gjennom. Campbell fekk saman Wrecking Crew-musikarane, som han var ein del av (inkludert Leon Russell som seinare var oppført som produsent på albumet med same namn), i Capitol studio for å spele inn ein demoversjon av songen som han kunne gje til produsenten sin, Al De Lory. Mellom linjene kunne ein høyre Campbell som roper ut instruksjonar til musikarane. De Lory likte særs godt versjonen, ikkje berre songen, men sjølve innspelinga. Utan å seie det til Campbell, tok han lydbandet attende til studio, og fekk fjerna dei uønskte instruksjonane mellom linjene. Han gav så ut demoinnspelinga som vart ein megahit for Campbell då han kom ut for andre gongen etter «By the Time I Get to Phoenix».

Lister[endre | endre wikiteksten]

Glen Campbell-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Liste (1967) Plassering
Australia (Kent Music Report) 88
U.S. Billboard Hot Country Singles 30
U.S. Billboard Hot 100 62
Liste (1968) Plassering
Canada RPM Country Tracks 20
Canada RPM Top Singles 60
U.S. Billboard Hot Country Singles 44
U.S. Billboard Hot 100 39
U.S. Billboard Easy Listening 8

Aretha Franklin-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Songaren Aretha Franklin spelte inn songen i 1969 og gav han ut på singel som B-side til «I Can't See Myself Leaving You». Versjonen hennar nådde 76. palssen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista og 50. plassen på Hot Rhythm & Blues Singles-lista. Songen kom ut på albumet hennar Soul '69.

Liste (1969) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 76
U.S. Billboard Hot Rhythm & Blues Singles 50

Dean Martin-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Den amerikanske songaren Dean Martin spelte inn songen i 1968 og gav han ut på singel. Versjonen hans nådde andreplassen på den britiske singellista og niandeplassen på Billboard Easy Listening-lista i USA.

Liste (1969) Plassering
Storbritannia (The Official Charts Company) 2
U.S. Billboard Bubbling UnderHot 100 3
U.S. Billboard Easy Listening 9

Patti Page-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Den amerikanske songaren Patti Page spelte inn songen i 1968 og gav han ut på singel. Versjonen hennar nådde 66. plassen på Billboard Hot 100-lista i USA og sjuandeplassen på Billboard Easy Listening-lista.

Liste (1968) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 66
U.S. Billboard Easy Listening 7

The Band Perry-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Den amerikanske countrygruppa The Band Perry spelte inn songen i 2014 for filmmusikken til Glen Campbell-dokumentaren Glen Campbell: I'll Be Me, og vann ein Grammy for beste countrysong av ein duo eller ei gruppe i 2015.

Liste (2014) Plassering
US Country Airplay (Billboard)[3] 29
US Country Songs (Billboard)[4] 35

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er blitt spelt inn av over 300 forskjellige artistar.

Skodespelaren Leonard Nimoy spelte inn songen for albumet Two Sides of Leonard Nimoy. På omslaget står det «den typen song Nimoy personleg likar å synge.»

Elvis Presley spelte inn songen i American Sound Studios i Memphis i januar 1969 for albumet From Elvis in Memphis.

Roger Miller spelte inn songen i 1968 for Smash/Mercury Records-albumet A Tender Look at Love.

Frank Sinatra spelte inn songen, og andre Glen Campbell-songar, i 1968 på albumet Cycles.

Tammy Wynette gav ut ein versjon i 1968 på albumet hennar, D-I-V-O-R-C-E.

Connie Smith gav ut ein versjon i 1968 på albumet hennar Sunshine and Rain.

Andy Williams gav ut ein versjon i 1969 på albumet hans, Happy Heart.

Bing Crosby gav ut ein versjon med storbandet til Count Basie i 1972 på albumet deira, Bing 'n' Basie.

Den danske songaren John Mogensen spelte inn ein dansk versjon i 1975 kalla «Ensomhedens Gade Nr. 9».

I nyare tid har Lucinda Williams spelt inn denne songen for rulleteksten til filmen Talladega Nights: The Ballad of Ricky Bobby.

The Moody Brothers spelte inn ein versjon av songen med John Hartford på banjo på albumet Friends, spelt inn i Praha i Tsjekkoslovakia i 1988.

R.E.M. framførte songen på Sounds Eclectic: The Covers Project, eit coveralbum gjeven ut av radiostasjonen KCRW.

Claude François omsette teksten til fransk og spelte han inn som «Si douce a mon souvenir».

I 1984 omsette den brasilianske songaren Roberto Carlos teksten til portugisisk (med Erasmo Carlos) og spelte han inn som «Caminhoneiro». Denne vart spelt over 3000 gonger på brasilianske radiostasjonar på berre ein dag. Hartford saksøkte Roberto Carlos for å bli tilskriven som komponist på songen. Ein spansk versjon kalla «El Camionero» vart òg gjeven ut av Carlos. Den amerikanske songaren Frankie Ruiz spelte inn ein spanskspråkleg salsaversjon av songen.

Trini Lopez spelte inn «Gentle on My Mind» på Reprise Records-albumet Welcome to Trini Country (Reprise R-6300)

Johnny Cash spelte inn songen i dei siste leveåra. Denne kom ut på albumet Unearthed Recordings.

Benny Hill spelte inn songen i ein av sketsjane sine, kalla «The Dustbins Of Your Mind».

Crooked Fingers spelte inn songen i 2010 for albumet Reservoir Songs Volume Two.

The Tallest Man on Earth spelte songen på konsertar frå 2011.

Seasick Steve spelte songen på konsertar, mellom anna i 2013.

Madeleine Peyroux spelte songen i 2013 på albumet The Blue Room.

Frankie Laine spelte inn songen på albumet hans Take me back to Laine Country.

Billy Bragg/Joe Henry spelte inn songen i 2016 for albumet Shine a Light: Field Recordings from the Great American Railroad.

Norsk versjon[endre | endre wikiteksten]

Arne Riis har skrive ein norsk versjon. På norsk har han ittelen «En glede for mitt sinn».

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]