The Gentleman's Magazine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gentleman's Magazine)
The Gentleman's Magazine

Oppretta1731
GrunnleggjarEdward Cave
Nedlagd1922
Språkengelsk

The Gentleman's Magazine var eit engelsk tidsskrift skipa i London i 1731 og nedlagt i 1922.

Dette var det første som brukte ordet «magasin» - opphavleg eit fransk ord for 'lager' - om eit tidsskrift.[1] Forfattaren Samuel Johnson hadde si første faste stilling som skribent for The Gentleman's Magazine.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bladet blei skipa av Edward Cave i januar 1731,[2] opphavleg under tittelen The Gentleman's Magazine: or, Trader's monthly intelligencer.

Cave si nyskaping var at det månadlege tidsskriftet hans inneheldt nyheiter og kommentarar knytt til eitkvart emne lesarane hans kunne ha interesse for, frå handelsvareprisar til latinske dikt. Det inneheldt nyskrive innhald frå ein stab av skribentar som bidrog jamleg, i tillegg til lange sitat og utdrag frå andre blad og bøker. Før skipinga av The Gentleman's Magazine hadde ein mest hatt spesialisert blad og spreidde forsøk på meir allmenne blad, som The Gentleman's Journal, redigert av Peter Motteux og gjeve ut frå 1692 til 1694.

Cave redigerte The Gentleman's Magazine under forfattarnamnet «Sylvanus Urban». Bidrag til bladet blei ofte presentert som brev stila til «Mr. Urban».

Framsida av magasinet viste eit bilde av St. John's Gate i Clerkenwell, heimen til Cave og i røynda hovudkontor for magasinet.

Forfattaren Samuel Johnson hadde si første faste stilling ved The Gentleman's Magazine. I eit tidsrom då det var forbode å rapportera frå det britiske parlamentet skreiv Johnson rapportar derfrå med tittelen «Debates of the Senate of Magna Lilliputia». Rapportane reflekterte synspunkta til dei ulike deltakarane, men det dei sa i debattane var hovudsakleg ordlagt av Johnson. Det poetiske namnet «Columbia» brukt om USA blei laga av Johnson og først brukt i bladet i 1738 i ein av desse rapportane.[3][4]

Edward Cave var også ein dyktig forretningsmann som utvikla eit omfattande distribusjonssystem for The Gentleman's Magazine. Bladet blei lese kringom i den engelsktalande verda, og fortsette å gjera det godt gjennom 1700-talet og mykje av 1800-talet. Det byrja gå tilbake på slutten av 1800-talet, og jamleg utgjeving tok slutt i september 1907. Det blei likevel gjeve ut utgåver på fire sider i små opplag frå 1907 til 1922 slik at tidsskriftet framleis kunne seiast å vera på trykk.

Bidragsytarar[endre | endre wikiteksten]

Nokre forfattarar av verk i The Gentleman's Magazine[endre | endre wikiteksten]

Illustratørar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Johnson, Samuel. «Magazine». A Dictionary of the English Language. JohnsonsDictionaryOnline.com. Henta 31. juli 2012. 
  2. Heather A. Haveman. «Antebellum literary culture and the evolution of American magazines» (PDF). Poetics 32. Henta 20. november 2015. 
  3. The Gentleman's Magazine, Vol. 8, June 1738, p. 285 Henta 2009-08-22
  4. Debates in Parliament, Samuel Johnson. Henta 2009-08-22

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av The Gentleman's Magazine ved Wikisource.

Commons har multimedium som gjeld: The Gentleman's Magazine

Vidare lesing[endre | endre wikiteksten]