Hopp til innhald

Genya Ravan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Genya Ravan
Fødd1. januar 1940 (84 år)
FødestadŁódź
AliasGoldie, Genya Ravan
OpphavUSA
Aktiv1964–
Sjangerrock
PlateselskapDunhill
Verka sommusikar, musikkprodusent, komponist, plateartist

Genya Ravan, òg kjend som Goldie (fødd 1. januar 1940 som Genyusha Zelkovicz) er ein USA-amerikansk rockesongar og produsent. Ho var songar i The Escorts, Goldie and the Gingerbreads og Ten Wheel Drive.[1][2]

Ravan var fødd i Łódź i Polen[3] i 1940 og emigrerte til USA i 1957 med foreldrene og ei syster. Dei var dei einaste i familien som overlevde Holocaust i Europa.[3]

Mange av Ten Wheel Drive-songane er blitt sampla av hip hop-artistar, som «Ain't Gonna Happen», som Jay-Z nytta i songen «1-900-Hustler» i 2000 på albumet The Dynasty.

Ravan arbeidde òg som produsent for mange plateselskap, mellom anna på debutalbumet Young Loud and Snotty av punkrockbandet Dead Boys (1977), og comebackalbumet Siren av Ronnie Spector (1982).[3]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Construction #1, Ten Wheel Drive med Genya Ravan, 1969
  • Brief Replies, Ten Wheel Drive med Genya Ravan, 1970
  • Peculiar Friends, Ten Wheel Drive med Genya Ravan, 1971
  • Genya Ravan, 1972
  • They Love Me, They Love Me Not, 1973
  • Goldie Zelkowitz, 1974
  • Urban Desire, 1978 - AUS #66[4]
  • ...And I Mean It!, 1979
  • Best of Ten Wheel Drive samlealbum, 1995
  • For Fans Only!, 2003
  • Genya Ravan Live, 2006
  • Undercover, 2010
  • Cheesecake Girl, 2013 Aha Music
  • Icon, 2019 Aha Music
  • Genya Live at CBGB (spelt inn 2005) 2020 (Remaster/Reissue of 2006 CD) (Rum Bar Records)
  • Thinking About The Good Times: Complete Recordings 1964-1966 Compilation, Goldie and the Gingerbreads, 2021 Ace

Publikasjonar

[endre | endre wikiteksten]
  • Lollipop Lounge, Memoirs Of A Rock And Roll Refugee, Genya Ravan, 2004, ISBN 0-8230-8362-4

Sceneproduksjon

[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 2016 produserte Royal Family Productions ein musikal basert på livet til Genya Ravan kalla Rock And Roll Refugee.[5]

  1. Browne, David (1. juli 2021). «Goldie and the Gingerbreads Were One of Rock's First All-Women Bands. Why Are They Still So Obscure?». Rolling Stone (på engelsk). Henta 17. januar 2022. 
  2. «Genya Ravan». Discogs. Henta 2. august 2014. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Genya Ravan». AllMusic. Henta 7. september 2014. 
  4. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 246. ISBN 0-646-11917-6. 
  5. «Rock & Roll Refugee | Times Square | Royal Family». Royalfamilyproductions.org. Henta 5. april 2022. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]