Geografi i Gulen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dalsøyra i Gulen.
Foto: Frode Inge Helland

Geografi i Gulen utgjer 1 500 øyar, holmar, skjer og fleire små kryssande dalføre på fastlandet. Gulen kommune omfattar dels småkupert strandflate, dels brattare areal og fjell innanfor. Landskapet ligg ved enden av Sognefjorden, og består av grunnfjell med gneis og granitt.

Kommunen er avgrensa av Sognefjorden i nord, Nordsjøen i vest, Fensfjorden i sør og fjella i Stølsheimen i aust. Det høgste punktet er Svadfjell 878 m.o.h. Dei største øyane er Sandøya, Hisarøy, Byrknesøy, Mjømna og Hille. Det er fem lengre fjordar i kommunen. Risnefjorden (arm av Sognefjorden), Gulafjorden som deler seg i Nordgulfjorden, Austgulfjorden og Eidsfjorden.

Gulen ligg i eit kystbelte med lyng i sterkt vindeksponerte strok, innslag av edellauvskog i lune dalar og myr. Bert fjell dekkjer dei største delane av kommunen, men i dei bratte dalføra mot Sognefjorden finst ein stor del av skredmateriale. Morenemateriale finst i fleire av dalføra og på Sandøy og Mjømna ligg og store moreneryggar. I dei fleste dalmunningane ut mot Sognefjorden er det avsett mykje breelv- og elvemateriale. Øyane i sør har rikeleg med torv- og myravsetjingar.

Geologi og bergartar[endre | endre wikiteksten]

Geologien i Gulen er einsarta, heile kommunen består av om lag 1,5 milliardar år gamal, proterozoisk gneis i grunnfjellskjoldet. Det høyrer til det såkalla «svekonorvegiske» dekket som ligg på båe sider (aust og vest) av Den Kaledonske fjellkjeda. Den svekonorvegiske fjellkjedefoldinga forma dagens massiv for 1130 - 900 millionar år sidan. Mot slutten av denne tida skjedde dei siste grunnfjelldanningane i Sør-Noreg, og granittane i området kan vere så unge som 900 millionar år.[1] Det er difor ikkje mogleg å finna fossil eller sedimentære lag i dei opphavlege bergartane i kommunen, men i morenemateriala kan ein finne spreitt kaledonske bergartar som er berre 4-500 millionar år gamle, avsett av innlandsisen.

Fjellmassane er granittiske eller magmatiske og sterkt omdanna.[2] Den vestnorske gneisregionen har her mykje granulitt, og granittisk gneis som er inntil 1,8 milliardar år gamal, samt migmatitt og innslag av glimmer og amfibolitt. Det kan og vere innslag av litt gabbro, som er frå 1,6 til 1,2 milliardar år gamal.[3]

Området vart berørt under den kaledonske fjellkjedefoldinga, da det «nordamerikanske» kontinentet Laurentia støytte saman med det «nordeuropeiske» Baltika for 425 millionar år sidan. Grunnfjellet i Sogn og Gulen blei sterkt folda under samanstøyten. Gulen ligg heilt i vestre kant av det synlege grunnfjellskjoldet, og er omgjeve av dei kaledonske skyvedekka av tidlegare havbotnskorpe som i samanstøyten vart skuva opp på land og pregar nabokommunane i sør og sørvest. Eit område av kommunen høyrer til ein kaledonsk formasjon: Vassøyane og øya Røytinga heilt i sørvest - ute i havgapet sør i Sognesjøen - høyrer til Solundbassenget frå seinsilur- og tidleg devontid. Desse småøyene og hovudøyene i Solund er dekte av konglomerat og sandstein som ligg oppå putelava. Solundbassenget oppstod gjennom ein kombinasjon av vulkanistisk havbotnspreiiing og kystnære avsetningar da det nett her, for 420-410 millionar år sidan, var litt attende av havet (Iapetus) mellom Laurentia og Baltika.[4] Formasjonen er resten av eit attverande havbasseng som var i rørsle samstundes som avrenning frå det nye, kaledonske dekket i aust avsette sandstein oppå eldre bergartar i overgangen frå silur til devon. Bergartane på Vassøyane og Røytinga består såleis av drygt 400 millionar år gamle avsetjingsbergartar.

Det er eit gneisbrot på Halsvik i sør som nyttast kommersielt av Halsvik Aggregates AS i Sløvåg. Gneisen går for det meste til eksport til Europa. Gneis herifrå har og vert levert til Ormen Lange-prosjektet.

Landskap og vegetasjon[endre | endre wikiteksten]

Gulen har innslag av tre av dei fire landskapstypane i Sogn og Fjordane - kystkulturlandskap, fjordkulturlandskap og fjellkulturlandskap, mens u-dalanes dal- og slettelandskap ikkje er representert så langt vest.[5].

  • Øygarden i vestre Gulen ligg i eit trelaust, vintermildt kystbelte med mykje myr, strandeng, beitemark, og lyng i sterkt vindutsette strok. Her er dei relativt sjeldne vestlandsvikke, fagerperikum, heifrytle og kristtorn representert. Dette er fiskerbøndene og seinare og havbruket sin kystsone, og her ute har dyra kunna beite utandørs heile året. Det var så lite skog at folket langs kysten måtte byta til seg trevirke eller ferdighus.[6]
  • Lengre inne i fjordane finn ein fjordkulturlandskapet med større jordbruksmarker og innslag av edellauvskog i lune dalar med mellom anna svartor, selje, hassel, raun og hegg - og mykje bregner. Det er noko eik og platanlønn er på frammarsj.[7] Dette er strandsitjarane sitt område, dominert av den tredelte Gulafjorden midt i kommunen, og det gode jordbruksområdet i Brekke skulekrins ved Sognefjorden og Risnefjorden heilt i nordaust. Jordbruket kasta meir av seg i fjorddalane i aust enn i kystbeltet i vest.[8] Derimot heldt skogen berre til sjølvforsyning sjølv i fjordstrøka.[9]
  • I aust har Gulen eit fjellkulturlandskap med stølsheim og bjørkeskog opp mot tregrensa, med slåttemyr og beitemark mellom fjellgardane. Her finn ein sjeldne artar som jøkullstarr, brearve og snøull. Til fôr har ein nytta både gras og styvingstre (friske greiner av bjørk og selje) i heile kommunen.

Snaufjell dekkjer dei største delane av kommunen, men i dei bratte dalføra mot Sognefjorden finst det mykje avsett skredmateriale. Morenemateriale ligg avsett i fleire av dalføra - og på Sandøy og Mjømna ligg og store moreneryggar frå 10.500 f.Kr..[10] Moreneområda gjev grunnlag for det beste jordbruket. I dei fleste dalmunningane ut mot Sognefjorden er det avsett mykje bre- og elvemateriale som har avsett store grus-ressursar til industriell nytting. Øyene i sør har godt med torv- og myravsettingar kor torv har vorte brukt til brensel.

Vegetasjonen er sparsam, det er relativt lite skog og eng, men meir snaufjell og beitemark. Kommunen strekkjer seg ikkje over tregrensa. Arealfordelinga er slik:

  • Dyrkbar mark 4 %
  • Skog 19 %
  • Vatn 3 %
  • Anna 74 %

Planteliv[11][endre | endre wikiteksten]

Gulen har relativt surt jordsmonn, men betre dyrkingsjord i moreneområda inne i fjordane. Det veks furu og mykje einer, men ikkje gran her i vest. Lauvskogen er dominert av bjørk heilt opp i fjellet, men det er og noko edellauvskog med alm, ask, gråor og lind, medan bøk stoppar i nabokommunen Lindås i sør. Kyst- og skogsområda har kristtorn (Ilex aquifolium) og vivendel (Lonicera periclymenum). Vestlandskysten har mykje unikt planteliv. Blant bregnane er kongsbregne (Osmunda regalis) å finne i Solund, mens hinnebregne (Hymenophyllum wilsonii) veks i heile Ytre Sogn. Kysteinstape (Pteridium aquilinum ssp aquilinum) er ein annan reint vestnorsk art, likeså brunburkne (Asplenium adulterimum) og blankburkne (Asplenium adiantum-nigrum). Blant blomsterplantane finn ein den sørlege gul valmuesøster (Meconopsis cambrica) i Ytre Sogn og nokre andre stader lengre sør på Vestlandet. Langs kysten finn ein og kystbergknapp(Sedum anglicum), rosenrot (Rhodiola rosea) og andre bergknappar. I øygardens kystlynghei er klokkelyng (Erica tetralix) og purpurlyng (Erica cinerea), ramsløk (Allium ursinum) og heistarr (Carex binervis) utbreidde. Det veks strandvindel (Calystegia sepium) og østersurt (Mertensia maritima) langs strendene kring Sognesjøen, men skjoldblad og kystblåstjerne veks truleg berre på andre sida av Sognesjøen. Ein finn derimot revebjølle (Digitalis purpurea) både i Gulen og langt innover i fjordstrøka.

Kystmarikåpe (Alchemilla xanhochlora), vestlandsvikke (Vicia orobus), heiblåfjær (Polygala serpyllifolia), kusymre (Primula vulgaris), skogfredløs (Lysimachia nemorum), fagerperikum (Hypericum pulchrum), nonsblom (Anagallis arvensis), pusleblom (Anagallis minima), svartknoppurt (Centaurea nigra), storfrytle (Luzula sylvatica) og den sjeldne heifrytle (Luzula congesta) er alle typiske Nordsjøartar som veks på Vestlandet og i Danmark. Skottlandsøyentrøst (Euphrasia scottica) finn ein på Vestlandet og på britisk side av Nordsjøen.

I kulturmark og skogstrakter veks ulike arter av nattfiol (Platanthera), vårmarihånd (Orchis mascula) og skogsivaks (Scripus sylvatica). På jorde og innmark har og den fyktede arten landøyda (Senecio jacobaea) tilhald så langt nord som til Gulen.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Dyrelivet er vestlandsk med mellom anna hjort, rådyr, raudrev, røyskatt, mår, mink, ekorn, snømus, markmus, lemen og hare. Det blir årleg delt ut kring 500 fellingsløyve for hjort i kommunen, og årleg jaktutbytte er om lag 400 hjort.[12] Fellinga har tatt seg sterkt opp frå 154 dyr i 1990, til 254 dyr i 1995 og 413 hjort i år 2000, noko som sidan har vore stabilt jaktkvantum. Kommunen har frå 2001 oppretta eige kommunalt viltfond som finansierar vårteljing av hjort, forsking og nasjonal rapportering, opplysingsarbeid og opplæring, bestandsovervakning, og direkte bestandsregulering.

Kommunen har 150 registrerte dyre- og fugleartar, fordelt på 121 fuglar, 26 pattedyr, 2 amfibium og 1 krypdyr. Gulen er den første kommunen i fylket som gjennomførte viltkartlegging av pattedyr, amfibium, krypdyr og fugleartar, i 2006.[13] Det anslås at antalet hjort var 2 600 før jaktstart i 2006[14]

I havet kan ein treffa på steinkobbe, havert, vågekval, seikval, finnkval, knølkval, nise, kvitskjeving og grindkval.

Det er elles laks og aure i lokale elver og vatn. I samband med utbygging av Kløvtveit kraftverk ved Austgulfjorden vart det avtalt at BKK skulle innbetala 250.000 kroner til eit kommunalt fiskefond i Gulen. Fondet blir nytta til å vedlikehalde og styrkje innlandsfisket i kommunen. Fiskarar, grunneigarar og foreiningar som fremjar fiske kan søke prosjektmiddel frå fondet.[15]

Havørn har tatt seg opp også i Gulen, som så mange andre stedar langs kysten. Det er store koloniar av sjøfugl i området, men sjøfuglbestanden vert sterkt negativt påverka av fisket etter tobis i Nordsjøen. Tobisfiske har gitt lagmål i hekkebestandane kring heile Nordsjøen både i 2004 og på nytt i 2009.[16] Mellom artane finn vi fleire typar måse, svartand, siland, brunnakke, ærfugl, grågås og noko meir sjeldan raudnebbterne, strandsnipe, toppskarv og unntaksvis teist og hubro.[17]

Ein må derimot lengre nord i fylket for å finne krykkje, alke, lomvi, tjuvjo og lundefugl.

Landskapvern[endre | endre wikiteksten]

Kart over naturreservata (rosa) i Gulen kommune og sørlege Solund.

Dei viktigaste verneformåla i Gulen omfattar kvartærgeologi, kystmyr og lynghei, våtmark, sjøfuglkoloniar og edellauvskog.[18] Derimot er korkje kvartærgeologiske område elle edellauvskogen førebels verna per 2010, sjølv om det finst kvar seg 1 og 14 slike verneområde i Sogn og Fjordane.[19] Derimot har Grima naturreservat vern av myrområde (2004), som eit av 20 myrverneområde i fylket.[20] Dessutan er det fem sjøfuglreservat: Ramsbarden naturreservat, Kvernøyna naturreservat, Sogneoksen naturreservat, Guleskjeret naturreservat, Lihellene naturreservat på i alt 2.160 dekar.[21]

For sjøfugl i øygarden er i alt ti stader bandlagde for naturformål i kommuneplanen og føreslått som naturreservat, av dei er fem innvilga. Vassøyane naturreservat (1991) heilt i sørvest er verna med bakgrunn i våtmarksområdet. [22] Det er tidlegare føreslått vern som landskapsvernområde for Vassøyane og tilstøytande øyområde i Ytre Fensfjord, med grunngjeving i både botaniske, zoologiske og geologiske særdrag[23], men det er førebels (2010) ingen landskapsverområde i Ytre Sogn.

To vassdrag er varig verna, nemleg Ynnesdalsvassdraget gjennom Verneplan III for vassdrag, og Dingjaelva gjennom Verneplan IV. Øvre del av Ynnesdalsvassdraget har også vore utpeika som mogeleg landskapsvernområde.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ramberg, Ivar B (red): Landet blir til - Norges geologi, 2007, side 70-71.
  2. Berggrunnskart over Norge, NGU 2006.
  3. Ramberg, Ivar B (red): Landet blir til - Norges geologi, 2007, side 113 og 116-117.
  4. Ramberg, Ivar B (red): Landet blir til - Norges geologi, 2007, side 113 og 192-194.
  5. Turid Helle: Kulturlandskap og kulturmarkstypar i Gulen kommune, 1991, side 8-10.
  6. Turid Helle: Kulturlandskap og kulturmarkstypar i Gulen kommune, 1991, side 32.
  7. Turid Helle: Kulturlandskap og kulturmarkstypar i Gulen kommune, 1991, side 16.
  8. Turid Helle: Kulturlandskap og kulturmarkstypar i Gulen kommune, 1991, side 13.
  9. Turid Helle: Kulturlandskap og kulturmarkstypar i Gulen kommune, 1991, side 32.
  10. Turid Helle: Kulturlandskap og kulturmarkstypar i Gulen kommune, 1991, side 16.
  11. Johannes Lid og Dagny Tande Lid: Norsk flora, Samlaget 2007.
  12. Plan for viltforvaltninga i Gulen 2008-2012 - Gulen kommune, side 4.
  13. Viltet i Gulen - viltkartleggjing 2006.
  14. Plan for viltforvaltninga i Gulen 2008-2012 - Gulen kommune, side 8-12.
  15. Retningslinjer for bruk og forvaltning av kommunalt fiskefond - Gulen kommune. Besøkt 12. november 2010.
  16. Sjøfuglteljingar i Sogn og Fjordane i 2009 - Fylkesmannen 2009. ISBN 978-82-92777-17-6, side 7 og 91.
  17. Sjøfuglteljingar i Sogn og Fjordane i 2009, side 63-66.
  18. Turid Helle: Kulturlandskap og kulturmarkstypar i Gulen kommune, 1991, side 24.
  19. Edellauvskogreservat - Miljøstatus, besøkt november 2010.
  20. Myrreservat - Miljøstatus, besøkt november 2010.
  21. Sjøfuglreservat - Miljøstatus, besøkt november 2010.
  22. Våtmarksreservat - Miljøstatus, besøkt november 2010.
  23. Turid Helle: Kulturlandskap og kulturmarkstypar i Gulen kommune, 1991, side 24.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ramberg, Ivar B (red): Landet blir til - Norges geologi, Norsk Geologosik Forening, Oslo 2007, ISBN 978-82-92344-31-6.