Laos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Geografi i Laos)
Hopp til navigering Hopp til søk
[endre]
ສາທາລະນະລັດປະຊາທິປະໄຕ ປະຊາຊົນລາວ
Sathalanalat Paxathipatai Paxaxon Lao

(norsk: Laos, laotisk)

Det laotiske flagget Det laotiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Pheng Xat Lao»
Motto Fred, sjølvstende, demokrati, samhald og rikdom
Geografisk plassering av Laos
Offisielle språk laotisk
Hovudstad Vientiane
Styresett
Folkerepublikk
Choummaly Sayasone
Bouasone Bouphavanh
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
236 800 km² (83.)
2%
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
7 126 706 (102.)
30,1 /km² (149.)
Sjølvstende
Frå Frankrike
19. juli 1949
Nasjonaldag 2. desember
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
37 500 mill. USD (112.)
6 100 USD (134.)
Valuta kip
Tidssone UTC +7
Telefonkode +856
Toppnivådomene .la


Laos er eit land i Søraust-Asia med grense til Thailand i vest, Kambodsja i sør, Vietnam i aust og Kina og Myanmar i nordvest. Landet har røter i Lan Xang-riket, 'Landet med ein million elefantar', og det moderne Laos blir òg somme tider kalla med dette namnet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Scene frå Mekong.
Foto: Thomas Drissner

Tidleg laotisk historie er prega av Nanzhao-riket, som varte fram til 1300-talet då Lan Xang-riket tok over. Dette riket blei svekka på 1700-talet, slik at Thailand kunne ta over dei ulike statane som var igjen. På 1800-talet kom så desse statane under fransk påverknad, og blei del av Fransk Indokina i 1893.

Etter å ha vore okkupert av Japan under den andre verdskrigen blei Laos eit sjølvstendig kongedøme i 1949 under kong Sisavang Vong.

Den første indokinesiske krigen fann stad i Fransk Indokina. I laupet av den, vart frigjerings-organisasjonen Pathet Lao skipa av Det indonesiske kommunispartiet. Pathet Lao starta krigføring mot den franske kolonimakta sine styrkar; Pathet Lao fekk hjelp frå den vietnamesiske frigjeringsorganisasjonen Viet Minh.[1][2]

Frigjeringa og seinare kommunist-styre[endre | endre wikiteksten]

I 1950 vart Frankrike tvunge til å gi Laos delvis sjølvstyre som ein assosiert stat innanfor Den franske union. Frankrike holdt de facto kontroll fram til 22. oktober 1953, då Laos fekk full sjølvstende som eit konstitusjonelt monarki.[1][2][3]

Den 9. november 1953 starta Pathet Lao-rørsla sin konflikt med Kongeriket Laos, og dermed hadde den laotiske borgarkrigen starta.

Frankrike tapte den første indokinesiske krigen, og signerte deretter fredsavtalen for Laos under Geneve-konferansen i 1954; borgarkrigen derimot, den heldt fram. I 1955 vart «The Programs Evaluation Office» skipa av USA sitt forsvarsdepartement, og utstasjonert i Laos; byrået gav støtte til den laotiske hæren sin kamp mot Pathet Lao, ei kommunistisk rørsle.

Fleire statskupp fann stad i tida 1959 til 1964.

I 1960 fann ein serie opprør stad i Kongedømmet Laos, og kampar braut ut i mellom landet sin hær og geriljastyrkane til Pathet Lao; geriljastyrkane vart støa av kommunist-styresmaktene i Nord-Vietnam og Sovjetunionen. Koalisjonsregjeringa frå 1962 leia av prins Souvanna Phouma vart mislykka, og borgarkrigen mellom statsapparatet og Pathet Lao auka stadig i omfang. Pathet Lao vart støa militært av den nordvietnamesiske hæren (NVA) og Vietcong. [1][2]

Laos hadde ein nøkkelposisjon i Vietnam-krigen sidan delar av Laos var invadert og okkupert av Nord-Vietnam, og brukt som forsyningslinje[4] i krigen mot Sør-Vietnam. USA svarte med luftstyrkar som bomba dei nordvietnamesiske styrkane i Laos, og USA støa militære- og paramilitære antikommunistiske styrkar i Laos, og USA støa Sør-Vietnam sine militære inntog i Laos.[1][2]

I 1968 gjekk fleire divisjonar av den nordvietnamesiske hæren til eitt åtak, for å hjelpa Pathet Lao sin kamp mot Laos sin hær. Åtaket resulterte i at storparten av den laotiske hæren vart demobilisert; på regjeringen sin side vart krigen frå då av kjempa av dei paramilitære styrkane til «USA sin løynde hær» som vart støa av USA og Thailand, og han vart leia av general Vang Pao.

Bombing frå lufta mot Pathet Lao og invasjonsstyrkane til den vietnamesiske folkehæren sto USA for, for å hindre at statsapparatet til Kongdømmet Laos skulle bryte saman.[1] Mellom 1964 og 1973 sto USA for bombing frå lufta, av to millionar tonn bomber over Laos, noko som er tilnærma likt med dei 2,1 millionar tonn bombar som USA slapp over Europa og Asia under Andre verdskrigen. Dette gjer Laos til det landet som historisk sett har fått mest bomber frå lufta over seg, i forhold til innbyggjartalet. New York Times skreiv at dette svarte til «sirka eitt tonn [bombar] for kvar person i Laos».[5] [6] [7][8] [9]

Frå februar[8] 1973 var det vapenkvile mellem Pathet Lao og den sittande regjeringa, men Nord-Vietnams tilstedeværelse i landet fortsatte, ikkje minst i form af ei avgjerande innflyting på Pathet Lao.

Sør-Vietnam fell i 1975.[10][11] Pathet Lao tok makta i Laos, og den 2. desember 1975 abdiserte kongen. Regjeringa gav landet namnet Den demokratiske folkerepublikken Laos. Landet gjekk frå tette band med Vietnam til økonomisk liberalisering seint på 80-talet, og blei med i ASEAN i 1997.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Laos.

Laos har inga kystline, men er prega av den veldige Mekongfloda, som dannar grense med Thailand i vest. I aust utgjer den annamittiske fjellkjeda størstedelen av grensa med Vietnam. Vientiane er hovudstaden og den største byen i landet. Andre viktige byar er Luang Phrabang, Savannakhet og Pakse.

Heile Laos er hovudsakleg dekt av skog og fjell, med nokre sletter og høgland. Det høgaste fjellet er Phou Bia på 2817 meter.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Monsunen gjev ein god del nedbør i landet mellom mai og september eller oktober. Resten av året er tørt med ein god del sol. Temperaturane held seg stort sett høge året rundt, men i dei nordlege fjellområda kan ein ha kjøligare dagar om vinteren i samband med den nordaustlege monsunen, og ein kan få periodar med kald luft frå Kina.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Laos har 16 fylke (khoueng), ein kommune (kampheng nakhon), og ei spesialssone (khetphiset).

Nr. Provins Hovudstad Areal (km²)
1 Attapeu Attapeu 10 320
2 Bokeo Ban Houayxay 6 196
3 Bolikhamsai Paksan 14 863
4 Champasak Pakse 15 415
5 Hua Phan Xamneua 16 500
6 Khammuan Thakhek 16 315
7 Louang Nam Tha Louang Namtha 9 325
8 Luang Prabang Luang Prabang 16 875
9 Udomxai Muang Xay 15 370
10 Phongsali Phôngsali 16 270
11 Sainyabuli Sainyabuli 16 389
12 Saravane Salavan 10 691
13 Savannakhet Kaysone Phomvihane 21 774
14 Sekong Sekong 7 665
15 Vientiane prefektur
og Vientiane
Vientiane 3 920
16 Vientiane Muang Phôn-Hông 15 927
17 Xieng Khouang Phonsavan 15 880
Nummerert kart som viser provinsinndelingen av Laos

Geografisk plassering[endre | endre wikiteksten]


  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Laos profile». 9 January 2018. Henta 26 April 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Laos – Encyclopædia Britannica Overview». Encyclopædia Britannica. Henta 23 January 2011. 
  3. Timeline Laos. Vitja 8. mai 2020
  4. Laos. Store norske leksikon. Vitja 9. mai 2020
  5. Kiernan, Ben; Owen, Taylor (26 April 2015). «Making More Enemies than We Kill? Calculating U.S. Bomb Tonnages Dropped on Laos and Cambodia, and Weighing Their Implications». The Asia-Pacific Journal. Henta 18 September 2016. 
  6. Wright, Rebecca (6 September 2016). «'My friends were afraid of me': What 80 million unexploded US bombs did to Laos». CNN. Henta 18 September 2016. 
  7. «Disarmament». The United Nations Office at Geneva. United Nations. November 2011. Henta 20 September 2013. 
  8. 8,0 8,1 The secret war - Mekong Review. Vitja 8. mai 2020.
  9. "Hitting the Pathet Lao in the north and on the Ho Chi Minh trail in the south, the American air force unleashed an average of one attack every eight minutes for nearly ten years. ". Vitja 8. mai 2020
  10. https://www.nytimes.com/2015/05/28/opinion/heirs-of-the-secret-war-in-laos.html?_r=0
  11. Thompson, 57–58; See also Morrison, Gayle, L. Sky is Falling: an Oral History of the CIA's evacuation of the Hmong from Laos, Jefferson, North Carolina: McFarland, 1999