Yunnan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Geografi i Yunnan)
云南
Yúnnán
Plassering
Kart over Kina. Yunnan er merket i rødt.
Kart over Kina. Yunnan er merket i rødt.
Kart over Kina. Yunnan er merket i rødt.
Styresmakter
Land Folkerepublikken Kina
Hovudstad Kunming
Leiar Wang Yubo
Geografi
Flatevidd 394 100 kvadratkilometer
Annan informasjon
Nettstad: http://www.yn.gov.cn

Yunnan (forenkla kinesisk 云南; tradisjonell kinesisk 雲南, pinyin Yúnnán) er ein provins i Kina. Provinsen har ei 4 060 kilometer lang grense til grannelanda Vietnam, Laos og Burma. Han grensar elles til den autonome regionen Tibet i nordvest, og dei andre kinesiske provinsane Sichuan i nord, Guizhou i aust, samt den autonome regionen Guangxi. Han har eit areal på 394 100 km² . Folketalet vart i 2009 berekna til 45,7 millionar. Provinshovudstaden er Kunming.

Ailaofjella ligg i provinsen.

Provinsen er kjend for det enorme mangfaldet av planter, og mange hageplanter vart opphavleg henta herfrå.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Chang Jiang i det ho renn ut frå Tigerspranggjelet
Rismarker i Yunnan sett frå lufta

Yunnan er den sørvestlegaste provinsen i Kina. Norddelen av provinsen utgjer Yunnan-Guizhouplatået. Det høgste punktet er Kawagebo i Deqin-fylket på Diqingplatået i nord. Toppen er 6 740 meter høg. Lågaste staden er dalbotnen i Hekou, 76,4 meter over havet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Yunnan har eit mildt klima med pent ver, då han ligg sør for dei høge fjellområda. Han har eit verlag påverka av luftlag frå både Stillehavet og Indiahavet. Vekstsesongen er lang, men det finst lite dyrkbar jord. Middeltemperaturen i januar varierer frå 8 °C til 17 °C, julitemperaturane varierer frå 21 °C til 27 °C. Årsnedbøren er på 600 mm på dei tørraste stadene, og 2 300 mm på dei våtaste. Meir enn halvparten av alt regnet fell mellom juni og august. Yunnan-Guizhou-platået har moderate temperaturar. Dei vestlege områda med djupe elvedalar (canyon) er heite og fuktige i dalbotnane, men har kalde vindar langs fjelltoppane.

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Landskapet er dominert av fjell, særleg i nord og vest. Ei rad høge fjellkjeder kryssar gjennom provinsen. I vest er landet prega av djupe elvedalar, medan det i aust er eit platå. Dei største elvane i Yunnan renn gjennom djupe dalar mellom fjella.

Snitthøgda i provinsen er 1 980 moh. Fjella er høgst i nord der det finst toppar på over 5 000 moh; i sør er dei ikkje høgre enn 3 000. Den austlege halvdelen av provinsen er eit kalksteinsplatå i eit karstlandskap med elvar som renn gjennom djupe gjel. Hin halvdelen i vest er prega av fjellkjeder og elvar som strekker seg nord-sør. Det kuperte landskapet med bratte dal- og fjellsider gjev stor variasjon i floraen og faunaen, så provinsen har vorte kalla ein naturleg zoologisk og botanisk hage.

Frå Erhaisjøen

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

Yunnan er den mest mangfaldige provinsen i Kina, biologisk så vel som kulturelt. Provinsen består av snødekte fjell og tropiske miljø, noko som gjev rom for uvanleg stor breidde i talet på artar og vegetasjonstypar. Om sommaren fungerer det tibetanske platået som ei barriere mot monsunvindar, så fukta vert fanga og fell over provinsen. Dette gjer at den alpine floraen er særleg frodig.

Den store, topografiske variasjonen kombinert med tropisk fuktgrad opprettheld eit stort biologisk mangfald med mange endemiske artar. Truleg er den botaniske artsvariasjonen den rikaste i dei tempererte regionane i verda. Meir enn 15 000 artar av høgre plantar, der i mellom ei 2 500 som er endemiske, kan sporast i provinsen. Faunaen er nesten like mangfaldig. Provinsen Yunnan har mindre enn 4% Kinas landareal, men om lag halvparten av Kinas fuglar og pattedyr finst der. Av dei 30 000 plantesortane som finst i Kina, finn ein 18 000 i Yunnan. Yunnan hyser ei mengd dyreartar, mellom anna med bestandar av store dyr som gaur, tiger og den asiatiske elefanten.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Rismarker i Yunnan

Yunnan er kjend for sitt etniske mangfald. Provinsen har det høgste talet på folkegrupper mellom alle provinsar og autonome regionar i Kina. Av dei erkjende 56 etniske gruppene i landet, finst 25 i Yunnan. Om lag 38 % av befolkninga høyrer til ei eller anna minoritetsgruppe. Fleire andre grupper bur også i provinsen, men når ikkje opp til grensa på 5000 innbyggarar som vert kravd for å kome med i offisielle papir, eller så lever dei ikkje i eit utskilt samfunn eller fellesskap.

Forventa levealder for menn er 65,1 år, for kvinner 67,7 år.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste dialektane av det kinesiske språket som vert tala i Yunnan, høyrer til den sørvestlege undervarianten av mandarin. Dei er såleis mykje lik dialektane i tilgrensande Sichuan og Guizhou. Folk flest kan også snakke standardkinesisk, som vert nytta av regjeringa, media og som utdanningsspråk.

Yunnans etniske mangfald går att i språkbruken. I provinsen vert det tala mange lokale språk. Mellom anna av zhuangfolket, som talar eit språk i slekt med thai.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Yunnan er ein av Kinas lite utvikla provinsar, med fleire fattige fylke enn nokon annan provins. År 1994 levde omkring 7 millionar menneske under fattigdomsgrensa. Sidan 2002 har den kinesiske staten investert i ulike prosjekt på landsbygda i Yunnan, og talet på dei aller fattigaste på landsbygda har minka frå 4,05 millionar år 2000 til 2,86 millionar. Fem store prosjekt siktar mot å forbetre infrastrukturen, herunder betre jordsmonn, magasinering av vatn, elektrisitetsforsyning, vegar og økologisk utbygging.

Yunnans fire største næringar er tobakk, biologi?, gruvedrift og turisme. Yunnan har handelskontaktar med meir enn 70 land og regionar i verda. Provinsen eksporterar tobakk, maskineri og elutstyr, kjemiske produkt, jordbruksvarer og metall. 4% av befolkninga var arbeidslaude i år 2002. 21,1% av brutto nasjonalprodukt kjem frå primærnæringane, 42,8% frå industrien og 36,1% i tensteseytande næringar.

Administrasjonseiningar[endre | endre wikiteksten]

Yunnan er delt i 16 einingar på prefekturnivå (8 byprefektur og 8 autonome prefektur).

Kart
# Namn Hanzi Pinyin Administrasjonssete Type
1 Kunming 昆明市 Kūnmíng Shì Panlong Byprefektur
2 Qujing 曲靖市 Qǔjìng Shì Qilin Byprefektur
3 Yuxi 玉溪市 Yùxī Shì Hongta Byprefektur
4 Baoshan 保山市 Bǎoshān Shì Longyang Byprefektur
5 Zhaotong 昭通市 Zhāotōng Shì Zhaoyang Byprefektur
6 Lijiang 丽江市 Lìjiāng Shì Gucheng Byprefektur
7 Pu'er 普洱市 Pǔ'ěr Shì Simao Byprefektur
8 Lincang 临沧市 Líncāng Shì Linxiang Byprefektur
9 Dehong (For daifolk
og jingpofolk)
德宏傣族
景颇族自治州
Déhóng Dǎizú
Jǐngpōzú Zìzhìzhōu
Luxi Autonomt prefektur
10 Nujiang (For lisuane) 怒江傈僳族
自治州
Nùjiāng Lìsùzú
Zìzhìzhōu
Lushui Autonomt prefektur
11 Diqing (For tibetanarane) 迪庆藏族
自治州
Díqìng Zàngzú
Zìzhìzhōu
Shangri-La Autonomt prefektur
12 Dali (For baiane) 大理白族
自治州
Dàlǐ Báizú
Zìzhìzhōu
Dali Autonomt prefektur
13 Chuxiong (For yiane) 楚雄彝族
自治州
Chǔxióng Yízú
Zìzhìzhōu
Chuxiong Autonomt prefektur
14 Honghe (for haniane
og yiane)
红河哈尼族
彝族自治州
Hónghé Hānízú
Yízú Zìzhìzhōu
Mengzi Autonomt prefektur
15 Wenshan (for zhuangane
og miaoane)
文山壮族
苗族自治州
Wénshān Zhuàngzú
Miáozú Zìzhìzhōu
Wenshan Autonomt prefektur
16 Xishuangbanna (for daiane) 西双版纳傣族
自治州
Xīshuāngbǎnnà Dǎizú
Zìzhìzhōu
Jinghong Autonomt prefektur

Desse 16 einingane på prefekturnivå er delt inn i 129 einingar på fylkesnivå (12 distrikt, 9 byfylke, 79 fylke og 29 autonome fylke). Desse er igjen delt inn i 1455 einingar på kommunenivå (567 bykommunar (towns), 677 kommunar (townships), 155 etniske kommunar (ethnic townships) og 56 subdistrikt).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Om lag 109 f.Kr. klarte Han-Kina å underkaste seg dei lokale makthavarane i det som er vorte til Yunnan, slik at området vart laust tilknytt Kina. Arkeologiske utgravingar gjort i 1950-åra i Shizhaishan har avdekt viktige funn som gjer at ein har fått eit stadig tydlegare bilete av særleg Dianriket i Yunnan. Ifølge kinesiske kjelder (Sima Qian) begynte Dian-staten med Chu-generalen Zhuang Qiao som slo seg ned i det austlege Yunnan og grunnla eit kongerike der (mot slutten av 300-talet f.Kr.). Rundt år 109 f.Kr. vart Dian-riket etter eit felttog knytt til Han-Kina, og den sigrande kongen, som no var i Han-riket si teneste, fekk tittel, segl og militærhjelp som tillet han i stor grad å kontrollere omliggande stammefolk. Analogt til dette vart kommanderiet Yizhou oppretta.

Klosteret Ganden Sumtseling i Shangri-La i Dêqên.
Tempel i Dali.

Etter Han-dynastiet fall veksla kinesarar og diverse lokale leiarpersonar på herredømet over området. Kinesisk klassisk litteratur fortel om den kinesiske folkehelten Zhuge Liang (181-234, som representerte Shu Han) og motparten hans Menghuo sine mange føretak, men i røynda var det kinesiske herredøme snarare indirekte og svakt. På denne tida, det vil sei tida til dei tre rikene og etterpå, fann det stad ei rekke migrasjonsbølgjer, hovudsakleg nordfrå og inn i Yunnan, sidan det der var mogeleg å bryte ny jord.

Med Kina samla under Sui- og Tang-dynastia vart det kinesiske trykket på dagens Yunnan vesentleg større. Det kinesiske keisarhoffet ville mellom anna ha sterkare kontroll med handel til Kina med India, og sendte tropper mot folkesetnadsgruppa Cuan og klarte å få dei lokale småfyrstane til å underkaste seg. I 621 vart det oppretta eit prefektur i Yunnan, men den kinesiske kontrollen varte berre fram til 750. I 730-åra klarte nemleg småfyrsten Pilugoe å rydde av vegen sine rivalar under ein bankett. Han grunnla så kongeriket Nanzhao, ei fleirnasjonal statsdanning. Med ryggdekning frå Tibet klarte Nanzhao å stå seg militært i 750 mot Tang-Kina. På 800-talet herska Nanzhao tidvis over nokså store område av det som no er Burma, Thailand, Vietnam og Sichuan. Etter fleire dynastiskifte klarte Duan Siping (frå baifolket) å nygrunnlegge staten som kongedømet Dali.

Sjølvstendet til denne staten varte til 1253/4, då mongolane under fyrst Kubilai erobra hovudstaden Dali - visstnok med minimale kamp. Den nedkjempa kongen vart gjeninnsett som vasall. I 1274 kom med Sayyid Ajall òg ein sivil guvernør til Yunnan. Dette markerte ikkje berre at området endeleg vart innlemma i Kina, men innleia òg ein effektiv islamsk misjon.

Etter at mongolane vart styrkte som makthavarane i Kina på 1300-talet vart Yunnan i starten verande roleg og vart latt i fred. Det var først i 1382 at Ming-styrkane rykte inn, og den lokale mongolarprinsen Basalawarmi gjorde sjølvmord. Som del av stabiliseringa av overherredøme til Ming-dynastiet forflytta dei mot slutten av 1300-talet fleire millionar uønskte kinesiske element frå områda rundt Nanjing til Yunnan, særleg til Kunming. Med opprettinga av militærkoloniar (tuntian) steig den kinesiske folkesetnadsandelen raskt. Kinesarane heldt seg helst i dalane og slettene, slik at dei lokale folkeslaga vart nøydde til å trekke opp i fjellstrøka. Men ikkje desto mindre vart den sørlege delen av provinsen verande relativt autonom - sjå Sipsongpanna.

Etter at keisaren for det sørlege Ming vart styrta av Qing-dynastiet brøyt den sigerrike general Wu Sangui i Kunming med Ming-herskarane og oppretta eit slags eige kongerike. Det vart ikkje innlemma i Kina igjen før i 1681.

På 1800-talet vart keisarriket Kina råka av ei rekkje indre krigar og uro, slik òg Yunnan. I Yunnan fann det stad muslimske opprør i 1818 og 1834-40. Samtidig som Taipingopprøret herja lenger aust i riket, brøyt det i 1853 ut eit særleg omfattande kinesarmuslimsk opprør, Panthayopprøret. Av opprørarane voks ein viss Du Wenxiu seg sterk; han regjerte som sultan i Dali, og sendte òg ein diplomatisk representant til Storbritannia. Men opprørerne klarte ikkje å halde på Kunming, og i 1872 vart Yunnan atter innlemma i Kina av dei keisarlege styrkane. Éin million menneske omkom under dette opprøret.[1] Men provinsen vart verande uroleg i fleire tiår etter det.

I 1894 reiste George Morisson, ein australsk korrespondent for Times, frå Beijing og til det britiskkontrollerte Burma, og vegen førte han gjennom Yunnan. Boka hans An Australian in China skildrar inntrykka hans i stor detalj.[2]

Etter keisarriket fall i 1911 og den kinesiske sentralmakt braut saman, var det i lenre tid forskjellige krigsherrar som styrte i Yunnan. Rundt 1920 dominerte Tang Chi-yao Yunnan, rundt 1926 kontrollerte han òg naboprovinsen Guizhou. I Guizhou kom riktignok 1935 Kuomintangregjeringa til makt, men Yunnan vart verande dominert av den regionale general Lung Yun fram til 1945, trass i den strategisk viktige Burmavegen.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Günter Kettermann: Atlas zur Geschichte des Islam, s. 127. Darmstadt 2001
  2. An Australian in China