Geologi i Oman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Folda sedimentære bergartar i Oman.

Geologien i Oman omfattar varierte landskap som er ei blanding av den geologiske historia til landet, og klimaet her over dei siste millionar åra. Klipper i Al Hajar-fjella, Huqf og Dhofar er interessante for internasjonale geologar. Berglaga strekkjer seg over 825 millionar år og omfattar minst tre periodar då landet var dekt av is.

Oman ligg i det søraustlege hjørnet av den arabiske plata, og vert pressa sakte nordover, medan Raudehavet veks seg breiare. Dei høge Al Hajar-fjella og dei djupe dalane i Musandam er dramatiske påminningar om dette. Generelt er Oman eit roleg område tektonisk sett. Musandan kan stundom få jordskjelv då den arabiske plata kolliderer med den eurasiatiske plata.

I krit-tida låg Oman like nær ein subduksjonssone og ein del av den øvre mantelen og dei vulkanske bergartane på havbotnen over vart skove over kontinentalskorpa. Denne obduksjonssekvensen av ultramafiske til mafiske bergartar finst i Semail ofiolitt-komplekset. Ofiolitten er lokalt rik på kopar og kromitt-malm.[1][2]

Dei indre slettene i Oman er ungen sedimentære bergartar, wadi-grus, sanddyner og saltsletter. Under desse er det fleire kilometer tjukke lag av eldre sedimentære bergartar der hydrokarbonressursane til landet ligg. Gammalt salt, som kjem til overflata i fleire saltdomar som Qarat Kibrit, spelar ei viktig rolle i å forme mange av desse olje- og gass-samlingane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Guilbert, John M. and Charles F. Park jr., 1984, The Geology of Ore Deposits, Freeman, s. 380-382 ISBN 0-7167-1456-6
  2. Dilek, Yildirim; et.al, eds. 2001, Ophiolites and Oceanic Crust, Geological Society of America, s. 57, ISBN 0-8137-2349-3