Geological Museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bygningen til Geological Museum frå 1935.

Geological Museum eller The Museum of Practical Geology er eit museum i London som vart skipa i 1835. Det er eit av dei eldste vitskaplege museuma i verda og sidan 1988 ein del av Natural History Museum.

Natural History Museum (NHM) i London er det største naturhistoriske museet i verda med særs omfattande vitskaplege samlingar innan botanikk, geologi, mineralogi, paleontologi og zoologi. Dei har store utstillingar og eit breitt spekter av forskjellige publikumsaktivitetar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]