Geologisk undersøking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Geologisk undersøking er undersøkingar i felten for å reie ut om dei geologiske forholda i eit område.

Dei enklaste metodane er kartlegging av dei ulike bergartstypane og avgjere strøk og fall av lagdeling eller andre planstrukturar, retninga av sprekker og gangar, i tillegg til innsamling av prøvar og fossil. Meir spesielle undersøkingar er magnetiske og radiometriske undersøkingar for påvising av radioaktive mineral. Ved grunnundersøkingar og leiting etter førekomstar av økonomisk tyding, nyttar ein geofysiske metodar, men desse krev eit stort og kostbart utstyr.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]