Georg Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Georg Andersen

1995 Georg Andersen.JPG

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. januar 1963
Notodden
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Georg Arnfinn Andersen (fødd 7. januar 1963) frå Arendal er ein norsk politimann og tidlegare kulestøytar og diskoskastar. Han vann bronsemedaljen i kulestøyt under EM i friidrett 1990. Mellom 1987 og 1995 vart han fire gongar noregsmeister i kulestøyt, både i 1988 og 1990 fekk han kongepokalen for beste prestasjon under meisterskapen. I sine år som friidrettsutøvar representerte han både Idrettsklubben Grane, Idrettsklubben Tjalve og Urædd. Han er far til friidrettsutøvaren Stian Andersen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Andersen deltok i fleire internasjonale meisterskap frå 1986 av. Etter gode plasseringar i innandørsmeisterskap, tok han bronsemedaljen under EM i friidrett i Split på seinsommaren 1990. Med eit kast på 20,71 m var han nær sitt toppnivå og kunne lite gjere med austtyskarane Ulf Timmermann og Oliver-Sven Buder.

Under VM i friidrett 1991 i Tokyo vart Andersen tildelt sølvmedaljen i kulestøyt, men mista medaljen då han testa positivt for doping. Den positive testen på anabole steriodar kom etter ei prøve han gav over ein måned før VM-tevlingane i Tokyo.

Han gjorde comeback etter at utestenginga var over og kvalifiserte seg til VM i Göteborg i 1995, men makta ikkje kvalfisere seg til finalen. Etter 1996-sesongen la han opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1986: Nr 10 i kulestøyt
  • OL 1988: Nr 10 i kulestøyt
  • EM 1990: Bronsemedalje i kulestøyt
  • VM 1991: Diskvalifisert frå sølvplass i kulestøyr
  • EM 1995: Utslått i kvalifiseringa

Medaljar norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1983: Bronse i diskos
  • 1984: Bronse både i kule og i diskos
  • 1985: Sølv i diskos
  • 1986: Sølv i diskos og bronse i kule
  • 1987: Gull i kule og bronse i diskos
  • 1988: Gull i kule; kongepokal for vinnarstøytet på 20,63 m
  • 1989: Sølv i kule
  • 1990: Gull i kule; kongepokal for vinnarstøytet på 20,80 m
  • 1995: Gull i kule

Sin personlege rekord i kulestøyt på 20,86 meter sette Andersen i Malmö i 1990, men innandørs har han støytt 20,98 m. Hans pers i diskoskast er på 62,10 meter og frå 1986.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Georg Andersen – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar