Georg Apenes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georg Apenes

Georg Apenes i 2009
Foto: Gunnel Helmers
Fødd5. april 1940
Fredrikstad
Død2. oktober 2016 (76 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, journalist, jurist
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
FarChristian Bernt Apenes
EktefelleIngrid I. Willoch
VervDirektør i Datatilsynet 1989-2010
FøregangarHelge Seip
EtterfylgjarBjørn Erik Thon
Alle verv

Georg Richard Apenes (5. april 19402. oktober 2016) var ein norsk jurist og stortingsrepresentant for Høgre. Han var son til sorenskrivar Christian B. Apenes og Inger Johanne Apenes. Apenes var direktør 1989-2010 for Datatilsynet. Han overtok stillinga i 1989 etter Helge Seip, som hadde vore direktør sidan Datatilsynet vart etablert 1. januar 1980. Han gjekk av som direktør for Datatilsynet 9. april 2010.

Apenes voks opp og budde i Fredrikstad. Etter artium studerte han samfunnsfag i Lancaster i Pennsylvania, med Fulbright-stipendium. Seinare tok han cand.jur. ved Universitetet i Oslo (1969). Etter det vart han dommarfullmektig ved Vest-Telemark sorenskrivarembete fram til 1971, då han byrja som journalist i Fredriksstad Blad. Same året fekk han også advokatlisens. Frå 1972 var han redaksjonssekretær i Fredriksstad Blad, fram til 1977, då han vart vald inn på Stortinget.

Georg Apenes var i 1968 formann i Det Norske Studentersamfund.

Apenes var mange år fast kommentator i norske aviser og skreiv artiklar prenta i tidsskrift, essaysamlingar, lærebøker og antologiar. Han gav ut fleire bøker, dei fleste med kulturhistorisk innhald i populærform.

Apenes var gift med Ingrid I. Willoch, høgrepolitikar og varaordførar i Fredrikstad.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Det norske felttog i Sverige 1788 (med Tore Dyrhaug, 1988)
  • Løven gjesper (1989)
  • Hankø bad – et Mindernes Herbarium (1991)
  • Fra Sinai bjerg til Silikon Valley: rettsstaten og informasjonsteknologien (1991)
  • Kong Frederiks gamle by (med Tore Bernitz Pedersen, 1992)
  • Hjulrytterne kommer (1993)
  • H.F. Gude – somrene ved Kristianiafjorden (med Hans Gude, 1995)
  • Åpne dører – venneskrift til Astrid Gjertsen på 70-års-dagen 14. september 1998
  • Én tid og to byer (med Kitty Apenes, 1998)
  • Panoptikon – vårt gjennomsiktige samfunn (2000)
  • Fra tillit til kontroll – tolv samtaler om politikk, teknologi og personvern (2005)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]