Georg Böhm
Georg Böhm | |||
Fødd | 2. september 1661 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hohenkirchen nær Ohrdruf i Thüringen | ||
Død | 18. mai 1733 (71 år) | ||
Dødsstad | Lüneburg | ||
Opphav | Det tysk-romerske riket | ||
Periode | Barokken | ||
Sjanger | Orgelmusikk | ||
Instrument | Orgel | ||
Verka som | Komponist og organist |
Georg Böhm (fødd 2. september 1661 i Hohenkirchen nær Ohrdruf i Thüringen, død 18. mai 1733 i Lüneburg) var ein tysk organist og komponist. Han var ein av læremeistrane til Johann Sebastian Bach.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Han fekk den første opplæringa av far sin, men då faren døydde i 1675, heldt fram han på latinskule i Goldbach før han i 1678 flytta til gymnas i Gotha. Sidan finn ein han ved Universitetet i Jena og i 1697 bur han i Hamburg. Då organisten Christian Flor i Lüneburg døydde i 1698, søkte Böhm stillinga som organist i Johanniskirche der og fekk han. Sjølv om han etter nokre år søkte på ei stilling i Marienkirche, der det var betre betaling, vart han verande i Johanniskirche heile livet etter at kyrkjelydssrådet der hadde auka betalinga for å ikkje miste sin omtykte organist.
Böhm og Bach
[endre | endre wikiteksten]Frå 1700 til 1702 var Bach i Lüneburg og ein reknar med at han høyrte Böhm spele, sjølv om ein ikkje har funne belegg for at han var elev hos organisten i Johanniskirche. Carl Philipp Emanuel Bach omtalte Böhm som faren sin lærar og fleire komposisjonar viser likskap.
Musikken til Böhm
[endre | endre wikiteksten]Av musikken til Böhm er ein god del gått tapt, mellom anna eit pasjonsverk basert på Lukasevangeliet, men òg fleire gravdferdskantatar. Andre kantatar har overlevd. I tillegg har ein teke vare på ein del av orgelverka hans. Dei syner at han er prega av det som ein i dag kallar den nordtyske stilen i musikken sin. Han varierer frie fantasiar med konservative fuger og dansesatsar.
Ein har gjeve Böhm æra for å ha etablert koralpartita som ein sjanger i orgelmusikk. Før hadde ein hatt koralvariasjonar og verdslege partitaer, men Böhm tok element frå begge og sette dei saman og verka vart opplevd nye og friske.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Waldschmidt, Carl L., Georg Böhm: his Life and Works, diss., Northwestern University (1963)
- Verkade, Gary G. Georg Böhm: Vater unser in Himmelreich á claviers eit pedal: the Concept of Order, diss., University of Iowa (1987). (alternativ tittel: The Concept of Order in the Keyboard Works of Georg Böhm)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Georg Böhm» frå Wikipedia på bokmål, den 30. april 2010.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Christian Teeuwsen: Georg Böhm (1661-1733 Organ Works Volume 1 Omtale i hefte til innspelinga(Naxos 8.555857)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bach-Cantatas.com av Aryeh Oron – biografi om Böhm (en)
- Bach's Canons & Fugues Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine. av Timothy A. Smith – ein liten biografi om Böhm (en)
- De Muziek-bus Arkivert 2009-03-09 ved Wayback Machine. – en liten bíografisk artikkel om Böhm (nl)