Hopp til innhald

Georg Buljo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georg Buljo

Fødd2. februar 1969 (57 år)
FødestadOslo[1]
OpphavNoreg
Instrumentgitar, perkusjon, vokal
PlateselskapDuippidit
Verka sommusikar, gitarist, komponist

Georg Buljo (fødd 2. februar 1969 i Oslo) er ein norsk-samisk musikar og produsent. Han er fødd i Oslo og oppvaksen med samisk far og norsk mor.[2] I 1994 var han med på å starte bandet Locomotives saman med mellom anna Kåre Vestrheim.[3] Dei var aktive fram til 2001 og varma mellom anna opp for The Cure, og David Bowie.[4] I 2002 etablerte han plateselskapet Duippidit.

Buljo har samarbeidd med mange artistar som produsent, mellom andre Mari Boine, Lars Bremnes og Niko Valkeapää. Samarbeidet med Valkeapää starta allereie i 1995 og dei har halde fram med å samarbeide sidan, sist på Gáldu (2019). Dei fekk Spellemannsprisen i open klasse for Niko Valkeapää i 2003.

Den fyrste soloplata, Saxapahaw gav han ut i 2011.[5]

I 2015 var Buljo festspelprofil på Festspillene i Nord-Norge.[4]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  1. Pettersen, Monica Falao. (20. desember 2015). Hybriden Georg. NRK.
  2. Buljo blir festivalprofil. (10. desember 2014). High North News.
  3. Locomotives. (22. januar 1999). Dagbladet.
  4. 1 2 Lanes, Laila. (9. desember 2014). Multiartist blir neste års festspillprofil. NRK.
  5. Gælok, Jon Isak L. og Siv Eli Vuolab. (18. april 2011). Ii dušše čuojaheaddji, muhto artista. NRK.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]