Georg Harbitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georg Harbitz

Fødd26. juni 1802
Osterøy kommune
Død22. november 1889 (87 år)
Statsborgar avNoreg
Partiingen
Yrkeprest, politikar
Utdanna vedBergen Katedralskole
BarnJohannes Winding Harbitz
Alle verv

Georg Prahl Harbitz (26. juni 180222. november 1889) var ein norsk prest og politikar. Han var stortingsrepresentant 1836-1869 og stortingspresident 1848-1869. Harbitz var den fyrste ordføraren i Askvoll kommune, frå 1837 til 1839.

Liv og prestegjerning[endre | endre wikiteksten]

Harbitz var fødd i Haus prestegjeld, dagens Osterøy kommune. Far hans, som var gjestgjevar på staden, døydde i 1808. Mora sat då att i små kår. Soknepresten i Haus tok seg av guten ei tid, frå 1813 vart han i Bergen hjelpt fram av familien Prahl. Denne sette han inn på realskulen så han kunne verte handelsmann. Visekonrektor Johan Winding meinte han heller burde studere, og las med han privat slik at han kom inn på latinskulen. I 1821 vart han student med haud, tok andreeksamen 1824 med laud, 1825 embetseksamen med haud, men laud ved praktiske prøver.

I tida 1820-30 var det mangel på prestar i Noreg. Sjølv med karaktarane sine hadde Harbitz val mellom fleire kall, valet fall på Askvoll. Han tok til på prestegjerninga i 1826, og var sokneprest i Askvoll i 13 år. 1839 flytta han til Slidre i Valdres, og var sokneprest der. I 1847 søkte han seg til garnisonprestembetet i Kristiania. Han valde etter kort tid, 1848, å reise tilbake til Slidre, då stortingsverksemda skapte misstemning i den til dels strengt konservative menigheita. Inntektene i det nyoppretta Vestre Slidre kyrkjesokn var små. I 1852 vart han utnemnd sokneprest til Nøtterøy, eit kall han hadde i 27 år. Han fekk innvilga avskjed i desember 1878, men styrte kallet til april 1879. For måten han hadde skjøtta sine statsborgelege verv, vart han tilkjend ein årleg pensjon på kr 6000,-. Han busette seg hos sonen Gotfred i Vestre Aker.

Stortingsmann[endre | endre wikiteksten]

  • 1836-37: 2. representant frå Nordre Bergenhus Amt.
  • 1839: 2. representant frå Nordre Bergenhus Amt.
  • 1842: 4. representant frå Kristians Amt.
  • 1845: 2. representant frå Kristians Amt.
  • 1848: 2. representant frå Kristians Amt.
  • 1851: 1. representant frå Kristians Amt.
  • 1854: 1. representant frå Jarlsberg og Larviks amt.
  • 1857-58: 1. representant frå Jarlsberg og Laurvigs Amt.
  • 1859-1860: 1. representant frå Jarlsberg og Laurvigs Amt.
  • 1862-1863: 2. representant frå Jarlsberg og Laurvigs Amt.
  • 1865-1866: 1. representant frå Jarlsberg og Larviks amt.
  • 1868-1869: 2. representant frå Jarlsberg og Laurvigs Amt.

På sine fyrste tingsamlingar var Harbitz oftast medlem av budsjettkomiteen og valkomiteen. I 1845 var han til dømes med i begge desse komiteane, samt fullmaktskomiteen. Han var også medlem av riksretten det året. Frå 1836 til 1848 var han på alle storting medlem av Lagtinget. I 1848 vart han vald til stortingspresident, eit verv han skulle verte vart vald til på alle seinare storting han var med i. På stortinget var Harbitz formann i fylgjande stortingskomitear; budsjettkomiteen (1848, 1860, 1862-63, 1865-66, 1868-69), protokollkomiteen (1851, 1854, 1857), fullmaktskomiteen (1851, 1857, 1858, 1860, 1862-63, 1864, 1865-66, 1868-69), valkomiteen (1857, 1858, 1860, 1862-63, 1864, 1865-66, 1868-69), komiteen om statthaldarsaka (1860) og komiteen om den dansk-tyske krig (1864).

Han var innehavar av Storkors av St. Olavs orden og den svenske Nordstjerneordenen.

Han døydde i Vestre Aker. President Harbitz' gateFrogner i Oslo er oppkalla etter Georg Harbitz. Johannes Harbitz var sonen hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]