Georg Hettich
Georg Hettich | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 12. oktober 1978 (46 år) Furtwangen im Schwarzwald |
Idrett | kombinert |
Tok del i | Vinter-OL 2010, Presidentvalget i Tyskland 2010, Nordic combined at the 2006 Winter Olympics – individual Gundersen, Nordic combined at the 2006 Winter Olympics – sprint, Nordic combined at the 2002 Winter Olympics – team, Nordic combined at the 2006 Winter Olympics – team |
Georg Hettich (fødd 12. oktober 1978) er ein tysk tidlegare kombinertrennar frå Schonach im Schwarzwald som vart olympisk meister i kombinert normalprogram under Vinter-OL 2006.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Hettich fekk OL-sølv med Tyskland sitt lag i 4 x 5 km kombinertstafett då dei olympiske vinterleikane 2002 fann stad i Salt Lake City, året etter var han med å vinne VM-sølv i same øvinga ved Ski-VM 2003 i Val di Fiemme. Også i Ski-VM 2005 i heimlege Oberstdorf vart det sølv på Hettich og det tyske kombinertmannskapet, sameleis i Vinter-OL 2006 i Torino. Men i motsetnad til dei andre meisterskapane lukkast Hettich overmåte godt i vinterleikane 2006, då han noko overraskande vann gullmedaljen i normaløvinga med 15 km langrenn. I tillegg tok han bronsemedaljen i halvprogrammet med hopping i storbakken og 7,5 km langrenn.
Hettich lukkast aldri å vinne eit individuelt verdscuprenn, fire andreplassar var det beste han oppnådde. Han enda på sjettplass i verdscupen i kombinert 2003 og på ny i 2006.
Hettich la opp etter 2010-sesongen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Georg Hettich» frå Wikipedia på tysk, den 24. februar 2016.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Georg Hettich». olympedia.org. Henta 28. oktober 2022.
- Einskildmenn
- Fødde i 1978
- Tyske kombinertløparar
- Olympiske meistrar for Tyskland
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland
- Medaljevinnarar under vinter-OL 2002
- Tyske deltakarar under vinter-OL 2002
- Kombinertløparar under vinter-OL 2002
- Medaljevinnarar under vinter-OL 2006
- Tyske deltakarar under vinter-OL 2006
- Kombinertløparar under vinter-OL 2006
- Tyske deltakarar under vinter-OL 2010
- Kombinertløparar under vinter-OL 2010
- Deltakarar under Ski-VM 1997
- Deltakarar under Ski-VM 2001
- Deltakarar under Ski-VM 2003
- Deltakarar under Ski-VM 2005
- Deltakarar under Ski-VM 2007