Georg Heyerdahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Georg Heyerdahl
Portrett av Georg Carl Buonaparte Heyerdahl, ca. 1850, Oslo Museum, OB.F20286d.jpg
Fødd 30. juni 1798
Død

14. september 1853

Yrke politikar

Georg Carl Buonaparte Heyerdahl (30. juni 179814. september 1853) var ein norsk offiser og stortingsrepresentant frå Kristiansand.

Heyerdahl var son av ein postmeister og stadshauptmann i Kristiansand. Sjølv tok han eksamen frå krigsskulen i 1814, og vart året etter sekondløytnant ved vesterlenske regiment. Ved omorganiseringa av hæren i 1818 gjekk han over i artilleribrigaden. Der steig han i gradane, til premierløytnant i 1819, stabskaptein i 1826, batterisjef i 1834, major i hæren i 1843, og oberstløytnant og bataljonsjef i 1850. Frå 1840 til 1847 var han inspektør ved den militære høgskulen.

Heyerdahl representerte MossStortinget i 1833. Han var visesekretær i Lagtinget, og sekretær i militærkomiteen og i komiteen om slottsbygninga, samt medlem av komiteen om kjøpstadskatten. I 1836 var han med i kommisjonen for Noregs festningsvesen. Han var medlem av Kristiania bystyre 1839-44.

Georg Heyerdahl døydde av kolera i Kristiania i 1853.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]