Georg III av Storbritannia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Georg III av Storbritannia
George III of the United Kingdom-e.jpg
Georg III av Storbritannia måla av Allan Ramsay.
Fullt namn Georg Vilhelm Fredrik
Tysk Georg Wilhelm Friedrich
Engelsk George William Frederick
Fødd 4. juni 1738 (gregoriansk dato)
Fødestad Norfolk House ved St. James's Square i London
Død 29. januar 1820 (81 år)
Dødsstad Windsor Castle i Windsor i England
Føregjengar Georg II
Etterfølgjar Georg IV
Kone Charlotte av Mecklenburg-Strelitz
Kongehus Fyrstehuset Hannover
Far Frederick, prins av Wales
Mor Augusta av Saxe-Gotha

Georg III av Storbritannia (4. juni 173829. januar 1820) var konge av kongeriket Storbritannia og kongeriket Irland frå 1760 til 1801 og deretter konge av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland. I tillegg var han hertug av Braunschweig-Lüneburg og dermed tysk kurfyrste. Frå 1814 var han konge av Hannover.

Georg III høyrde til det tyske fyrstehuset Hannover, ei grein av welfarane, og nedstamma mellom anna frå Heinrich der Löwe. Han var son av Fredrik Ludvig av Hannover og Auguste av Sachsen-Gotha. Den 8. september 1761 gifta han seg med Charlotte av Mecklenburg-Strelitz. Dei fekk 15 born, mellom anna den seinare kong Georg IV av Storbritannia.

Han tapte den amerikanske sjølvstendekrigen mot den nordamerikanske kolonien, som reiv seg laust og vart til USA. Han engasjerte seg i samarbeid med Preussen og Russland mot Napoleon Bonaparte sitt Frankrike.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Georg III av Storbritannia