Georg IV av Storbritannia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georg IV

Georg IV (1821) av Thomas Lawrence
Konge av Storbritannia og Hannover
Regjeringstid18201830
Fødd12. august 1762
FødestadSt. James's Palace
Død26. juni 1830 (67 år)
DødsstadWindsor Castle
GravstadSt. George's Chapel
FøregangarGeorg III
EtterfølgjarVilhelm IV
Gift medMaria Anne Fitzherbert
Caroline av Braunschweig
DynastiFyrstehuset Hannover
FarGeorg III
MorCharlotte av Mecklenburg-Strelitz
BornCharlotte Augusta

Georg IV av Storbritannia (12. august 176226. juni 1830) var britisk konge frå 1820 til 1830 og prinsregent frå 1811 til 1820.

Georg IV (engelsk namn George Augustus Frederick, tysk Georg IV. August Friedrich) var medlem av det tyske fyrstehuset Hannover. Han var Georg III sin eldste son og styrte som prinsregent medan faren var sjuk. I 1820 blei Georg IV blei konge av det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland og fyrste av Hannover.

Ekteskap og elskarinner[endre | endre wikiteksten]

Han gifta seg med enkja Maria Anne Fitzherbert, i desember 1785. Ettersom ho var katolikk vart ekteskapet ikkje godkjend etter lova. I 1795 gifta han seg opp att med syskenbarnet Caroline av Braunschweig. Dei likte ikkje kvarandre og levde åtskild med nokre få dagar som unnatak. Dei fekk trass i dette dottera Charlotte Augusta av Storbritannia i 1796. Dottera døydde i 1817, og George IV stod utan arvingar. Caroline vart stengd ute frå kroninga i 1820, noko som vart sett på som ei stor skandale.

I karikaturar av Georg, som denne av James Gillray, blei kongen gjerne framstilt som ein levemann som var følgd av skandalar.

Georg var i kontakt med Maria Fitzherbert livet ut, sjølv om dei var frå kvarandre i periodar. Han hadde også fleire elskarinner, mellom anna Mary Robinson, ein kjend skodespelar, Grace Elliott, ei skotsk sosietetskvinne, grevinne Frances Villiers av Jersey, og seinare i livet markise Isabella Ingram-Seymour-Conway av Hertford og markise Elizabeth Conyngham, som begge var gifte.

Georg IV døydde utan arvingar i 1830. Han vart etterfylgd av den yngre broren Vilhelm (engelsk William).

Regjeringstid[endre | endre wikiteksten]

Under store delar av regjeringstida si hadde kong Georg IV Robert Jenkinson, 2. jarl av Liverpool, som statsminister. Utan at kongen bidrog mykje herska han over Storbritannia då landet sigra i Napoleonskrigane, forhandla fram fred og måtte hanskast med den sosiale og økonomiske uroa etterpå. Han blei nøydd til å godta George Canning som utanriks- og seinare statsminister, og måtte gå med på ein såkalla Catholic Emancipation, det vil seie at mange restriksjonar mot britiske katolikkar blei oppheva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «George IV of the United Kingdom» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mars 2013.
  • Baker, Kenneth. «George IV: a Sketch.» History Today 2005 55(10): 30–36. Issn: 0018-2753 Fulltext: Ebsco
  • Baker, Kenneth (2005). George IV: A Life in Caricature. London: Thames & Hudson. ISBN 0-500-25127-4. 
  • David, Saul (2000). Prince of Pleasure: The Prince of Wales and the Making of the Regency. Grove Press. ISBN 0-8021-3703-2. 
  • De-la-Noy, Michael (1998). George IV. Stroud, Gloucestershire: Sutton Publishing. ISBN 0-7509-1821-7. 
  • Derry, John W. (1963). The Regency Crisis and the Whigs. Cambridge University Press. 
  • Gash, Norman. Lord Liverpool (1985).
  • Haeger, Diane. The Secret Wife of King George IV (2001) excerpt and text search
  • Hibbert, Christopher. «George IV (1762–1830)», Oxford Dictionary of National Biography (2004); good summary by leading scholar; online at many libraries
  • Hibbert, Christopher. George IV: The Rebel Who Would Be King (1974, 2007) excerpt and text search
  • Hibbert, Christopher (1972). George IV, Prince of Wales, 1762–1811. London: Longman. ISBN 0-582-12675-4. 
  • Hibbert, Christopher (1973). George IV, Regent and King, 1811–1830. London: Allen Lane. ISBN 0-7139-0487-9. 
  • Machin, G. I. T. (1964). The Catholic Question in English Politics 1820 to 1830. Oxford: Oxford University Press. 
  • Parissien, Steven (2001). George IV: The Grand Entertainment. London: John Murray. ISBN 0-7195-5652-X.  excerpt and text search
  • Smith, E. A. (1999). George IV. Yale University Press. ISBN 0-300-07685-1. ; excerpt and text search
  • Smith, E. A. «Caroline (1768–1821)», Oxford Dictionary of National Biography, (2004); online edn, 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Georg IV av Storbritannia
Spire Denne historieartikkelen som har med Storbritannia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.