Georg Bull
| Georg Bull | |||
| | |||
| Fødd | 1. august 1785 Christiania | ||
|---|---|---|---|
| Død | 12. desember 1854 (69 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Yrke | politikar, dommar | ||
| Far | Johan Randulf Bull | ||
| Barn | Anders Sandøe Ørsted Bull, Angelique Cathrine Bull | ||
| Medlem | Herreklubben Quodlibet | ||
| Alle verv |
| ||
Georg Bull (1. august 1785–12. desember 1854) var ein norsk jurist, embetsmann og politikar. Han var høgsterettsjustitiarius frå 1836 til 1854. Far hans, Johan Randulf Bull, var den fyrste høgsterettsjustitiariusen i Noreg.[1]
Bull var fødd i Kristiania og vart student i 1802. Cand. jur. vart han i 1805. Han var 1806-09 fungerande sorenskrivar i Sunnhordland, deretter byfut i Bergen frå 1810 til 1821.[2] I 1821 vart han utnemnd til amtmann i Jarlsberg og Larvik amt. Dette embetet hadde han til han i 1829 vart amtmann i Søndre Bergenhus amt. Han var amtmann der i fem år, dei to åra 1834-36 var han statssekretær.[3] Deretter var han i atten år (1836-54) leiar av Noregs høgsterett.
Bull var representert på to påfylgjande storting. I 1821 og på det overordenlege Stortinget året etter representerte han Bergen, medan han i 1824 var representant for Laurvik og Sandefjord. I 1821 var han medlem av 18 komitear, formann i fem av dei. På tinget i 1824 var han formann i justiskomiteen og i komiteen om odelslova.
Bull var med i riksretten i 1845, i eigenskap av høgsterettsjustitiarius.
Han døydde i fødebyen Kristiania.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Johan Randulf Bull» i Store norske leksikon, snl.no.
- 1 2 «Georg Jacob Bull» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «Norges statsrådsekretær», Regjeringen.no (på norsk bokmål), 22. april 2024, henta 25. oktober 2025
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Regjeringen.no: Statsrådsekretær 1814-
- Biografisk informasjon om Georg Bull ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør