Georg Joachim Rheticus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Georg Joachim Rheticus
Fødd16. februar 1514
Feldkirch
Død4. desember 1574
Košice, Košice
NasjonalitetAusterrike
Områdetrigonometri
Yrkematematikar, astronom, kartograf, lege, universitetslærar, astrolog
InstitusjonarUniversitetet i Leipzig
Alma materUniversitetet i Wittenberg
DoktorgradsrettleiarNikolaus Kopernikus

Georg Joachim Rheticus (16. februar 15144. desember 1574) var ein tysk-austerriksk astronom og matematikar.

Han var ei tid professor i Wittenberg og studerte seinare hos Nicolaus Copernicus. I 1539 gav han ut den første framstillinga av det kopernikanske systemet og reiste 1541 til Nürnberg for å stå for trykkinga av hovudverket til Copernicus. Rheticus gjorde ei oppmåling av Preussen, og med støtte av keisar Maximilian II av Det tysk-romerske riket rekna han ut særs nøyaktige trigonometriske tabellar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]