Georg Monrad-Krohn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Georg Monrad-Krohn
Fødd 14. mars 1884
Bergen
Død

9. september 1964
Oslo

Yrke lege, professor, nevrolog

Georg Herman Monrad-Krohn (14. mars 18849. september 1964) var ein norsk professor i medisin, ekspert i nevrologi. Han var far til informatikaren Lars Monrad-Krohn.

Monrad-Krohn var son til ein apotekar i Bergen. Etter examen artium 1902 ved Bergen katedralskole og cand.med. 1911, praktiserte han som lege og studerte litt i utanlands, før han vart dr.med. 1919 gjennom avhandlinga Om abdominalrefleksene. Han var så ved Rikshospitalet i Oslo reservelege frå 1917, overlege og professor i nevrologi frå 1922 til 1954, og dekan 1940-45.

Monrad-Krohn er særleg kjend for ei bok om nervesystemet som kom ut i 1914. Boka vart omsett til mange språk og fekk tilnamnet «The Blue Bible». Han vart også kjend for ei utgreiing om ein pasient med Foreign Accent Syndrome (FAS), eller utanlandsk aksent-syndrom på norsk. Frå 1941 til 1946 behandla han «Astrid L.», ei kvinne som etter ei bombe i byen byrja å snakke med tysk aksent. I 1933 stifta han Monrad-Krohns pris for nevrologisk arbeid, ein pris tildelt mellom andre Alf Brodal (1941 og 1960), Vidar Gundersen i 2007, og i 2010 til det danske Rigshospital.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]