Georg P. Rasch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georg P. Rasch
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. januar 1795
Christiania
Død

12. mars 1866 (71 år)
Eiker kommune

Yrke embetsmann, politikar

Georg Peter Rasch (18. januar 179512. mars 1866) var ein norsk embets- og stortingsmann frå Christiania.

Rasch var son til ein kjøpmann. Etter han vart cand.jur. i 1815 arbeidde han i Justisdepartementet, fyrst som kopist, deretter fullmektig frå 1819, byråsjef frå 1822 og ekspedisjonssekretær frå 1825. I 1831 fekk han stillinga som justitiarius i Kristiansand stiftsoverrett. Til sist sorenskrivar i Eiker 1840-53.

Rasch møtte på Stortinget 1839, 1848 og 1851. I 1839 representerte han valkrinsen Kristiansand, på dei seinare stortinga representerte han Buskeruds amt. På alle desse tre tingsamlingane var han medlem av Lagtinget, elles var han i 1839 med i Konstitusjonskomiteen og komiteen om lovkommisjonen. Både i 1848 og 1851 var han formann i Justiskomite nr 2 og medlem i Fullmaktskomiteen, i 1851 også i Valkomiteen. Ogsi 1845 vart Rasch vald til stortingsmann frå Buskerud, men melde sjukdomsforfall. År 1839 var han medlem i ein kongeleg kommisjon om utvidinga av kyrkjer og kyrkjegardar, og 1843 i ein kommisjon om fattiglova.

Rasch døydde på eigedomen sin i Eiker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]