Georg Stokke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georg Stokke
Nasjonalitet Flag of Norway.svg Noreg
Fødd 25. august 1911
Oaldsbygda, Stranda
Død

9. februar 2013 (101 år)
Ålesund

Yrke forretningsmann

Georg Stokke (fødd 25. august 1911 i Oaldsbygda, Stranda) var ein norsk gründer og industrieigar. Han skipa møbelverksemda Stokke AS i Spjelkavik (Ålesund) i 1932 - opphavleg med namnet «Møller & Stokke» til Bjarne Møller selde seg ut i 1955.[1] Frå 1956 var Georg Stokke eineeigar av Stokke Fabrikker A/S.[2] I byrjinga produserte selskapet lenestolar og sofagrupper, no er stokkekonsernet mellom anna kjent for barnestolen Tripp Trapp.[3][4] Gjennom konsernet har Georg Stokke og familien vore involvert i ei rad industriverksemder i Møre og Romsdal, mellom anna Westnofa på Åndalsnes, Tennfjord Møbelfabrikk og Vatne Møbler.[5] Vågå Bruk på Vågåmo vart etablert i 1965. Han deltok også i oppstart av olivinutvinning i Raudbergvika (Robbervika) i Sunnylvsfjorden, der Stokke personleg er ein av grunneigarane.[6] Utvinninga i Robbervika tok til i 1984.[7] Gjennom Stokke Mineraler AS har han også vore engasjert i utvikling av rutilforekomsten i Førde/Naustdal.

Georg Stokke kom frå garden Stokke i Oaldsbygda i Sunnylvsfjorden.[8] Han er son av Eli Torsdotter i og Knut Olsson Stokke. Nils A. Liaaen, Knut Olsson Stokkes grandonkel, skipa skipsverftet A.M. Liaaen. Gift med Johanne P. Kjørstad.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.stokke.com/
  2. Grytten, Harald (1993): Slik jeg husker det. Georg Stokke forteller til Harald Grytten. Ålesund: Stokke industrier.
  3. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.1951909
  4. Kampanje nr 6/2011 s.83
  5. Økonomisk Rapport 2.mai 2002.
  6. Grytten, Harald (1993): Slik jeg husker det. Georg Stokke forteller til Harald Grytten. Ålesund: Stokke industrier.
  7. Furseth, Astor (1987): Norddal i 150 år. Valldal: Norddal kommune.
  8. http://www.nyttiuka.no/default.aspx?menu=617&id=36691[daud lenkje]
  9. Lillebø, P.A. (1993): Gard og ætt. Stranda: Stranda sogelag, s.425.