Georg Thoma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georg Thoma


Georg Thoma etter han vart verdsmeister under Ski-VM 1966.

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 20. august 1937 (86 år)
Hinterzarten
Idrett kombinert, skihopping
Tok del i

Lahtisspelen, Q1716398, Holmenkollen skifestival, Svenska skidspelen, Ski-VM 1966, Nordic combined at the 1960 Winter Olympics, Nordic combined at the 1964 Winter Olympics

Utmerkingar

Silbernes Lorbeerblatt, Verdienstkreuz 1. Klasse des Verdienstordens der Bundesrepublik Deutschland, Baden-Württembergs fortjenstorden, Holmenkollmedaljen, Sportler des Jahres, olympisk gullmedalje, verdensmester, Hall of Fame des deutschen Sports, Georg von Opel Award

Georg Thoma (fødd 20. august 1937) er ein tysk, tidlegare kombinertløpar og skihoppar frå Hinterzarten. Han vart olympisk meister i kombinert under OL 1960 i Squaw Valley, og tok bronsen under vinterleikane i Innsbruck fire år seinare. I 1966 vart han verdsmeister i kombinert i Oslo.

Skihopparen Dieter Thoma er brorsonen hans.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Thoma kom på fjerdeplass i Bischofshofen i januar 1957, avslutningsrennet i den tysk-austerrikske hoppveka der han samanlagt vart nummer åtte. Året etter vart han nummer 16 i kombinertøvinga og nummer 27 i hopprennet for spesialistar under ski-VM i Lahti. I 1959 deltok han i Holmenkollen og kom på åttandeplass i kombinert.

I 1960 vart Thoma nummer sju i den tysk-austerrikske hoppveka, etter femteplassar både i Garmisch-Partenkirchen og Innsbruck. Deretter reiste han til vinter-OL i Squaw Valley i California, der han vann OL-gullet med nesten fem poengs margin til sølvvinnaren, Tormod Knutsen frå Noreg. I OL-sesongen tok Thoma elles den fyrste av tre vesttyske meisterskapstitlar i skihopping. Han gjentok prestasjonen i 1961 og 1963. I 1961 vart Thoma elles ein klar vinnar av kombinertrennet i Lahti.

Nyårsdag i 1962 hoppa Thoma seg til siger i hoppvekerennet i Garmisch-Partenkirchen. Kanskje var det like imponerande då han i hoppveka året etter vart nummer tre i Innsbruck og kom på andre plass i Garmisch-Partenkirchen, ettersom mange fleire av topphopparane deltok i den siste hoppveka. Norske Toralf Engan vann då begge dei nemnde renna og hoppveka, medan Thoma hamna på sjetteplass samanlagt. Seinare i 1963-sesongen var Thoma heilt suveren både då han vann kombinert i Svenska skidspelen i Falun og i Holmenkollrenna.

Thoma fekk i 1964 bronsemedaljen i kombinert under vinter-OL i Innsbruck. Sidan vann han ein ny klar siger i Holmenkollrenna og vart tildelt Holmenkollmedaljen. Etter å ha vunne kombinertrennet i Lahti i 1965 med 36 poeng, sikra han seg sin tredje siger på rad i Holmenkollen. I 1966 var det verdsmeisterskap på ski i Kollen-løypene og enno ein gong gjekk sigeren til Thoma, som vart verdsmeister i hard konkurranse med landsmannen Franz Keller. Thoma la etter meisterskapen opp som aktiv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]